Volda Høgre bind heile kommunen saman
Volda kommune oppstod ved samanslåing av Volda og Hornindal kommuner frå 2020 og grensejustering som inkluderte Bjørke og Viddal. Intensjonsavtalen som låg til grunn for samanslåinga mellom Volda og Hornindal kommuner sette standarden for den nye kommunen.
I intensjonsavtalen heiter det mellom anna at
«Volda og Hornindal kommunar er ulike, men likevel likeverdige. Den nye kommunen skal etablerast, driftast og vidareutviklast med utgangspunkt i kvar av dei gamle kommunane sine tradisjonar og identitetar, fortrinn og ufordringar. Struktur, organisasjonskultur og system skal vektleggast, og utvikling av nærdemokrati skal gjevast høg prioritet».
Volda Høgre ønskjer å vidareføre desse intensjonane. Vi vil at same tenkemåten skal ligge til grunn for alle delar av kommunen, nye som gamle.
Programmet vår har mellom anna ei målsetting om å oppretthalde strukturen på institusjonsplassar og omsorgsbustadar i kommunen. Venta alderssamansetting vil kreve mykje av tenestene våre i åra framover. For å nå ambisjonane våre, må vi lytte til, stole på og satse på leiarar og tilsette i tenestene. Endringar i tenestene må skje i nært samarbeid med dei som yter tenestene. Faglege vurderingar skal vege tyngre enn kortsiktige, økonomiske gevinstar. Politikarane må priotere slik at vi har rom for gode omsorgstenester.
Likeeins, i dei tilfella der endring av barnehage- eller skuletilbod må vurderast, skal også borna og elevane sitt beste og kvaliteten i tilbodet vektleggast sterkare enn kommunen sin økonomi. Vi skal lytte til og satse på pedagogane. Læraren er den viktigaste enkeltfaktoren for elevar si læring. Dei må få tid til å sjå kvar enkelt elev slik at dei kan gi tilpassa undervisning. Endringar i skulen må skje i nært samarbeid med leiarane og pedagogane.
Volda Høgre vil stå for eit godt og konstruktivt samarbeid med administrasjonen, dei tilsette, dei andre politiske gruppene, fylkeskommunen og sentrale mynde. Vi har grunnleggande tru på at vi er sterkare saman og kan skape betre løysingar i samarbeid. Vi kjem alltid til å stille krav om utvikling, og vi kjem ikkje alltid til å vere samde i saker, men vi må lytte til kvarandre sine gode argument og kome fram til gode løysingar saman. Tverrfaglege samarbeidsgrupper i kommunen er gode eksempel på at administrasjonen tek dette på alvor.
Volda Høgre vil leie ei kommune som spelar på lag med deg. Vi vil at kommunen skal ha ei positiv grunnhaldning til initiativ som skapar utvikling og framgang i Volda kommune. Når du vender deg til kommunen med ei sak, skal du få svar. Du skal kunne vente å få “ja” til svar når du spør, men det kan også vere at du vil få “nei”. I så fall skal du få ei god og grei forklaring på kvifor du ikkje vart imøtekomen og gode råd til kva du kan gjere annleis.
Volda Høgre er særleg positiv til frivillige lag og organisasjonar som tek initiativ til samfunnsutviklinga i stort og smått. Vi er positive til alle former for tiltak i nærmiljøa, både i privat og offentleg regi, som stimulerer til aktivitet, trivsel og folkehelse. Volda Høgre vil stimulere frivillige lag, organisasjonar og enkeltpersonar og deira bidrag til gode bumiljø.
Nye Volda kommune treng framleis stimulans for å fungere godt. Ingen delar av kommunen er viktigare enn andre. Volda Høgre si målsetting er å binde alle delar av kommunen saman.
Volda Høgre Sindre Rotevatn, ordførarkandidat