Delte ut kommunal koronastøtte til idrett og frivilligheit
I går delte tenesteutvalet ut til saman 919.000 kroner i koronastøtte til frivillige lag og foreiningar i kommunen.
Tenesteutvalet delte i går ut 919.000 kroner i ekstraløyving til ei rekke lag og foreiningar som har mista inntekter på grunn av koronapandemien.
Midlane blei avsett i revidert budsjett i juni, som blei vedtatt av alle partia i kommunestyret. Også vedtaket i går var samrøystes.
Det var avsett 700.000 kroner til ekstraløyvinga frå bygdahus- og lokalmiljøpotten. Alle søkjarane fekk pengar:
- Stolmen Vel – kr 146 786
- Grendahuset Øytun – kr 68 500
- Litlakalsøy Vel – kr 9 786
- Drøna og Rostøy bygdalag – kr 48 929
- Austevoll idrettsklubb – kr 58 714
- Betania Haukanes – kr 63 607
- Hundvåkøy Ungdomslag – kr 14 679
- Hundvåkøy Samfunnshus Vel – kr 29 357
- Storebø Maritim – kr 48 929
- Møkster Vel – kr 48 929
- Kolbeinsvik Vel – kr. 58 714
- Kolbeinsvik kvinne og familielag – kr 15 000
- Vinnesvåg Velforening – kr 88 071
Til dekning av bortfall av kontingentinntekt kom det inn to søknader som begge blei innvilga:
- Austevoll idrettsklubb – kr 200 000
- Austevoll Supporterunion – kr 19 200
Velforeiningar kan framleis søke om midlar frå Lotteri- og stiftelsestilsynet for å dekke bortfall av inntekter på grunn av arrrangement som har blitt avlyst under koronapandemien.
- Les artikkelen «Fem år med bygdahuspotten» om historia bak ordninga som har bidratt til viktige kroner til bygdahusa i kommunen.