20 års med fastlandsforbinding

Det er i dag 20 år sidan Trekantsambandet blei opna. Bruene binde oss tettare saman med kommunane rundt og er eit fint døme på kvifor samferdsel er viktig.

Bømlabrua

Det er i dag 30. april 2021 20 år sidan Trekantsambandet blei høgtidleg opna av Hans Majestet Kongen. Anlegget som batt dei fira kommunane Bømlo, Stord, Fitjar og Sveio saman blei endeleg opna. Dei øykommunane hadde endeleg ei forbinding til fastlandet og kvarandre.

Prosessen var lang. Frå skipinga av Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap i 1986 til vegen var opna gjekk det 15 år og nesten 2 milliardar kroner. Mange, mange tusen timar gjekk med til saksgong, planlegging og bygging av dette monumentet til  menneskeleg ingeniørkunst. Det er vanskeleg å tenka seg denne enorme ressursbruken når ein i dag kan køyra til Stord, Haugesund eller andre stadar nært og fjernt når som helst på døgnet og i nesten kva som helst vær. Då er det vanskeleg å argumentera for at det var bortkasta.

Infrastruktur er så mangt. Det er vegane me køyre på, ferjene me tar, straumen som lyse eller varme og internettet me bruke til alskens daglege gjeremål. Infrastruktur og samferdsel binde oss saman, gjer liva våre enklare og tryggare. Tenk å måtta ta ein ambulanse til nærmaste sjukehus utan fastlandsforbinding?

Det er ikkje berre beredskapen som har blitt betre. Me har hatt ein enorm vekst i  folketal og verdiskaping i kommunen etter bruene opna den gong. Trailertrafikk kan kanskje vera irriterande til tider men kvar trailer som køyre over dei bruene med varer frå Bømlo bidrar til at nokon blir betalt ei lønn, og til finansiering av det neste store industrieventyret.

Fellesskapet er ikkje berre kommunen eller staten. Det er alle familiane som kan reisa på snarvisitt eller på jobb i nabokommunane våre. Det er lokale idrettslag og organisasjonar som kan reisa lenger i avstand men kortare i tid, på bortekampar, møter eller stemner. Det er også næringslivet vårt som lage middagen til folk, bygge motorar, gir og styresystem, samt så mykje anna. Samferdsel løfte fellesskapet.

Denne dagen i 2001 kan ikkje vera siste gongen Hans Majestet kjem til våre kantar for å feira framgang. Me må fortsetta med å investera i denne resursen. Det har Høgre i regjering, på Storting, Fylkesting og Kommunestyre jobba for. Arbeidet er godt i gong med fiskerihamna i Hovlandshagen, med Hordfast og med vegnettet på Bømlo.

Bømlo Høgre vil fortsetta å bygga kommunen saman!