Her er Høgre sitt lag til kommunevalet i 2023!

Bømlo Høgre hadde torsdag 27. oktober nominasjonsmøte til kommunevalet i 2023. Her kan du sjå lista i sin heilheit!

Nokre av neste års kandidatar. (bak f.v.) Vegard Enerstvedt, Lena Olsen, Stig Randal, Tove Anglevik Simonsen, Sonja Hellen Sele, Jørgen Søvold, Christian Brekke, Helene Søvold, Signe Lund Jansen. (framme f.v) Per J. Stavland, Rangfrid Sønstabø, Aslaug Skimmeland Huse.

Bømlo Høgre hadde på torsdag nominasjonsmøte på Bømlo Hotell. Nominasjonsmøte er eit viktig hending i ein kvar valkamp. Det er her partiet sine medlemmar for anledning til å seia si meining om kven som skal representera partiet i neste kommunevalsperiode.

Valkomitéen hadde i forkant lagt ned eit stort arbeid og leverte ei veldig god innstilling. Komitéen sin leiar, tidlegare stortingsrepresentant Øyvind Halleraker, hadde innleiingsvis eit kort innlegg der han presenterte dei første 15 kandidatane og snakka om prosessen og arbeidet til komiteen. Valkomiteen har lagt vekt på å få ei god geografisk og aldersspreiing. Samt, at det er viktig at det er eit mangfald i utdanning og yrkesbakgrunn.  Komiteen har også måtte balansera ynskje om kontinuitet saman med behovet for fornying.

Valkomiteen sin leiar, Øyvind Halleraker.

Den endelege lista med kandidatar enda på 23 namn. Ordførarkandidaten, Rangfrid Sønstabø, blei vald på eit eige møte i mai. Bømlo Høgre har vald å gjera det slik for å skape litt forutsigbarheit i prosessen både for ordførarkandidaten og listekandidatane. I ein kommentar til Bømlo Høgres redaksjon seie Ragnfrid.

Eg er svært nøgd med det nye laget til Bømlo Høgre. Det representere både kontinuitet og fornying. Svært glad for at me har klart å få med oss så mange flinke ungdommar, dei skal me ta godt vare på, og lovar godt for framtida. Me skal nå bruka tida framover til å bli kjent med kvarandre og bygga det nye laget, som skal sikra oss valsiger neste år.

Ragnfrid Sønstabø.

Heile lista er som føljer: