Møtereferat frå møte i Samferdelsdepartement

Det kjem i haust nye retningslinjer for bruk av bompengar. For å få klarheit i korleis disse vil slå ut for Bømlo så reiste me ein delegasjon til hovudstaden for ei orientering med departementet. Under kan du lesa eit referat.

Tilstades: Statssekretær Tommy Skjervold, Ragnfrid Sønstabø, ordførarkandidat for Bømlo Høgre og Vegard Enerstvedt, Ungdomskandidat og 4. kandidat for Bømlo Høgre.

Statssekretæren orienterte oss om regjeringa/stortingsfleirtalet sine endringar i retningslinjer om bompengar som vert vedtatt no i haust.

Det er denne endringa som gjer at ingen søknadar om bompenger vert handsama no, før dei nye retningslinjene trer i kraft. Bømlopakke 2 ligg som kjent i vegdirektoratet. Tallknuserane skal der handsama den i haust.

Statssekretæren var svært tydelig på at det vert slutt på å setje ut nye ulønsame bomstasjonar. For det andre at kommunane framover ikkje kan vedta store utbyggingar av veg utan at dei er lønsame. Samstundes understreka statssekretæren at det skal vera lokal handlefridom. Dårlig økonomi i prosjekta skal ikkje bli kompensert gjennom dårligare føresetnadar for trafikantane. Det er jo nettopp dette Bømlo Kommunestyre har gjort vedtak om. Dette styrka vår oppfatning om at det nye kommunestyret må ta denne opp saka til handsaming, i samråd med staten, så fort som mogleg, for å unngå ytterligare forseinkingar i prosessen.

Denne oppgåva er eg klar til å ta på meg om eg vert ordførar.

Signala er klare ulønsame bommar kjem me ikkje til å få gjennomslag for, og at søknadar kan endrast undervegs.


Med vennlig helsing


Ragnfrid Sønstabø

Vegard Enerstvedt