Kommuneøkonomi -Haustens vakraste eventyr

Økonom(i student) og ungdomskandidat Vegard Enerstvedt tar i dette innlegget føre seg korleis økonomien faktisk går i kommunen.

Sjølv om det har hamna litt i skuggen av bompengar så er kommuneøkonomi som alltid ei viktig sak å snakka om. Når Ordførar Hovland til og med glimtar til med usanningane og synsinga si så kunne eg ikkje motstå freistinga, og måtte skriva noko. Det som er så dumt med politikk er at me som politikarar ikkje alltid har den høgaste truverdigheita. Det er på den andre sida det flotte med tall! Dei visar sanninga enten ein trur på den som snakkar om dei eller ikkje. Det kan godt henda eg er litt sær. Eg likar å «ta meg ein liten brune ein», som dei seier, og surfa ssb sine sider etter morosam statistikk. Kva ein kan finna der skal eg dela om litt.

Først må me diskutera eit djupare spørsmål: Kva er god økonomisk politikk? Ap ser ut til å meina at alle inntekter til kommunen er utan vidare bra. Dette er jo rett og slett ikkje tilfellet. Alle inntekter som kjem i offentleg sektor er henta ut av nokon si lomma i form av skatt. Ein av dei største pottane i kommunebudsjettet er skatt på inntekt og formue. Det er veldig liten del av inntektene som politikarane på kommunalt nivå faktisk kan påverka direkte. Unntaket her er eigedomskatten. Eigedomskatten er budsjettert til 32 millionar inn berre i år, eller ut av våre lommer. Eigedomskatten er i dag nesten tre gongar så høg som når me måtte innføra den etter finanskrisa. (Har ordføraren gløymt den i innlegget sitt kanskje?) Det store problemet med eigedomskatten er at den rår usosialt. Den treffer disproporsjonalt eldre og småbarnsfamiliar. Kan me verkeleg forventa at ein minstepensjonist som sitter att, etter at ektefellen har gått bort, med eit hus ein har budd i sidan 70-tallet skal måtta selja hus og heim for å betala for AP sin totale mangel på kontroll?

Bømlo har vore heldige. Med eit regjering utgått av Høgre, Venstre, KrF og Frp så har kommuneøkonomien betra seg i heile landet. Det har aldri vore så få kommunar på ROBEK lista. Det har vore ein jamn vekst i pengar for staten. Gjennom ein kombinasjon av flaks og høg eigedomskatt så har altså inntektene auka. Burde ein ikkje føra litt kontroll for å gi Bømlingen litt økonomisk pusterom?

Talla visar oss nemleg ein mangel på slik kontroll. Før vi begynner å samanlikna så må me ha noko å samanlikna med. Kontroll, god og ansvarleg er ganske relative utrykk. Heldigvis har SSB tall for heile kommune-Noreg. Det er då ein smal sak å justera for enkelt faktorar, eller å finne utvikling. Det er naturleg å sjå på utgifter når ein snakkar om kontroll på økonomien. Investeringar kjem me til, men la oss starte med lønnsutgifter. Dette er den største utgiftsposten. Dersom ein hadde god kontroll på økonomien så kunne ein vell forventa at veksten var ganske lik landet elles, sant?

Viss ein driver ansvarleg, som AP hevdar, så er det rart at lønnsutgiftene på Bømlo aukar mykje meir enn resten av Noreg. Berre i 2017 hadde Bømlo kommune ein vekst på over 9%. Er det dei tilsette som har fått millionlønningar? Mangelen på Tesla og Mercedes på parkeringsplassen utfor rådhuset tydar på ei anna forklaring. Me har sentrale lønnsforhandlingar i Noreg, og dei tilsette i kommunal sektor utviste stor solidaritet med resten av arbeidslivet i 2017. Det blei derfor ikkje noko stort lønnsoppgjer. Den mest fornuftige forklaringa er rett og slett fleire tilsette. Har Bømlo fått ansvaret for sjukehus eller forsvar medan eg ikkje såg? Utgiftene ese ut. Når det offentlege blir større så blir det private mindre. Mindre plass til familiar, næringsliv og frivilligheit. Berre for nokre månadar sidan valde Posisjonen å begynna med vask i kommunal regi. Berre det første året vil dette truleg kosta over ein million meir. Empirien seier oss også at det berre vil bli enda dyrare over tid. Dette er nettopp det eg snakkar om. Utgiftene aukar og aukar.

Ordførar Hovland hevdar i sitt innlegg om at det har vore store investeringar. Tala visar oss at Bømlo over den siste valperioden brukte 8 000 kr mindre på investeringar per innbyggar er resten av Kommune-Noreg. Det bør vidare bekymra veljarane når ein ser på korleis økonomien i ein investering blir oversett i disse sakane. Det første Hovland og AP gjorde når dei fekk makta var å utsetta bygging av ny Bremnes Ungdomskule. Høgre ville bygga det som eit OPS-prosjekt. Noko som innebar at ein betalte leige, har null ansvar dersom noko skulle gå galt under bygging, og overtok bygget gratis etter ein periode på 20-30 år. Dette hadde for det første truleg blitt billigare ennå bygge i eigen regi. For det andre så tvang ein kommunen til å betala for mykje dyrare vedlikehald av gamle BUS. Sist men ikkje minst, kanskje mest faktisk, så var det ein stor samfunnskostnad! Ved å tvinga lærarar og elevar til å jobbe i det arbeidsmiljøet har ein kostand.

Når vi no snakkar om gamle BUS. Det var ei anna sak som viste korleis AP handterer investeringar. I saka om lokalisering av brannstasjon så utviste Hovland og co ein total mangel for forståing for grunnleggande økonomi-faglege konsept som alternativ kostnad. Ved å ikkje undersøka, faktisk blokkera undersøking, om verdien på BUS-tomta så har ein ingen aning kor mykje det kostar å bruke den. Ein tar altså avgjerer utan å vite kva den reelle kostnaden er. Hadde nokon av oss gjort det med vår eigen økonomi? Kvifor skal ein då gjere det med kommuneøkonomien?

Korleis går det då med økonomien? For å få ei god samanlikning så må me gjer litt med tala. Ved å ta overskotet frå rekneskapen. Justera for inntekter så får vi eit utrykk for kor flinke kommunar er til å nytta skattekronene ein får inn. Her gjer Bømlo det dårlegare enn resten av kommune-Noreg kvart einaste år denne perioden, med unntak av 2018 der ein gjorde det lika bra. Så Ap sin økonomiske politikk kan oppsummerast ved at utgifter har stege i været, avgjerer på millionar tas av ideologiske grunnar, ein ser ikkje på kostnadane når ein gjer investeringar. Er dette ansvarleg? Hovland spørr kva me ynskje å gjer. Svaret er at Bømlo Høgre skal begynna å ta avgjerer basert på fakta. Bømlo Høgre skal begynna å undersøka kostnadane når me investere skattebetalarane sine pengar. Bømlo Høgre skal faktisk investera i helseteknolog, og bruka alle gode krefter på å få det beste tilbodet for færrast mogelege skattekroner. Det er på tide med i ny politikk. Stem Høgre på måndag, og kryss av på nummer 4.

Vegard Enerstvedt

Matematikk -og økonomistudent

4.kandiat for Bømlo Høgre, 43. kandidat Vestland Høgre.

P.S.

No har eg ikkje nemnd ein bomring basert på usikre estimat, og tilnærma null omsyn på samfunnskostnadane involvert.

D.S.