Storhall på Leite

Bømlo Høgre går til val på at me er positive til ein storhall på Leite, skriv sjettekandidat Jørgen Søvold i dette lesarinnlegget.

Det er anslått at kommunen vil bli bedt om å gå inn med ein investering på om lag 30 millioner.

Mykje penger? Ja! Bør kommunen gjera det? Ja!

Planlegging av storhall har pågått i fleire år og er tenkt å være eit samarbeid mellom Bremnes Idrettslag, næringslivet og kommunen.

For min del er det særskilt to ting som veg tungt når eg er positiv til dette prosjektet.

Storhallen vil gje eit enormt løft for all-idretten i heile kommunen. I dag er det til dømes ventelister for å kunne delta på turn, ein aktivitet i sterk vekst og der barn og unge fra heile kommunen deltar. Storhallen innebærer at ein får auka kapasitet. Men også at det vert etablert mange nye aktiviteter og idretter. Som vil få fleire i aktivitet. Både unge og eldre.

Bømlo Høgre vil leggja til rette for vekst og utvikling i kommunen i åra framover. Både næringsliv og kommune er avhengige av å få tak i kompetente folk til stillingane som vert utlyste.

Det vert jobba iherdig både nord og sør i kommunen med store prosjekt som kan gje mange arbeidsplasser. Kan ein storhall med eit omfattande tilbod til heile familien vera det som gjer at ingeniøren frå Oslo vel Bømlo? Eg trur det.

Så er sjølvsagt dette eit prosjekt som inneber ei stor investering. Og nokre meiner kommunen ikkje har råd.

Min tanke er at det kanskje går an å sjå ting litt i samanheng.

Svortland skule, som ligg 100 meter frå der storhallen er tenkt bygd må ha ny gymnastikksal eller ein fleirbrukshall til eit par titalls millioner i løpet av nokre år. Kan me leggja dei pengane inn i storhallen og ha sambruk på dagtid?

Kan me gjera SFO på Svortland skule betre og meir attaktivt ved at dei kan nytta hallen?

Kan me på sikt få fylkeskommunen til å vurdere ei idrettslinje på vidaregåande skule på Bømlo?

Vil me ha vekst og utvikling må me være villige til å satse.

Godt val!


Jørgen Søvold

Leiar Bømlo Høgre

6. kandidat ved kommunevalet