Søk
AnriHebib_2

Bømlo Høgre – eit val for ein bærekraftig, robust, sjølvstendig og attraktiv kommune

Lesarinlegg frå Bømlo Høgre sin ordførarkandidat Anri Håvard Hebib som stod på trykk i Bømlo-Nytt 12. september 2015.
I dei 12 åra Bømlo Høgre hadde ordføraren og sat i posisjon låg det ein politisk avtale i botn for kvar periode. Etter vår meining var dette grunnlaget for at me fekk gjennomføringskraft for store prosjekt som Bømlopakken, Moster skule, kulturhuset og så vidare.

Dersom me kjem i posisjon til det så ønskjer me å få på plass ein avtale med politisk innhald for neste periode. Høgre er heilt klar på at eit borgarleg fleirtal bør gje eit borgarleg styre og vil bidra etter beste evne for å oppnå det.

For oss i Bømlo Høgre er det viktig å styrkja kommunen som ein bærekraftig, sjølvstendig og ikkje minst robust og attraktiv kommune for sine nåverande innbyggjarar, men og nye tilflyttarar for framtida. Jo fleire innbyggjarar på Bømlo, jo meir skatteinntekter og dermed betre kommuneøkonomi. Bømlo Høgre vil difor arbeide svært aktivt for å få på plass nye verksemder og næringar som skal skape nye arbeidsplasser. Her er det ikkje berre viktig å gje nye grunderar moglegheita å starte opp, men og eksisterande bedrifter moglegheit til å utvikle seg. I tillegg vil det bli heilt essensielt å få på plass nye planerte område som kan væra gode og attraktive for nye arbeidsplasser. Framtidsretta infrastruktur er og ein føresetnad for å lykkes her.

Vidare vil Bømlo Høgre satse sterkt på skule der me vil ha eit stort fagleg fokus, og i enda større grad vil drive med etter og vidareutdanning av lærarar.  Kvalitet er eit viktig stikkord her. I tillegg er ein av hjartesakane våre å få nulltoleranse mot mobbing, og Bømlo Høgre vil arbeide aktivt for å la barn og unge få ein best mogleg kvardag ikkje berre på skulen men og i fritida. Her vil me og jobbe for at kvart einaste barn og ungdom får minst ein fritidsaktivitet å gå til, uavhengig av familiens økonomi.

Vidare vil kvalitet i omsorga væra ein viktig føresetnad for ein god kommune. Her vil me blant anna arbeide for eit helsefaglig kompetansesenter ved Bømlo bu og helsesenter. I tillegg vil me ha enda meir fokus på kulehelsetenesta og legge det til rette for at eldreomsorga skal bli enda betre, slik at alle skal få den nødvendige og gode hjelpa i kommunen vår.

Distrikta i kommunen er og viktig for eit godt samfunn. Bømlo Høgre vil difor i kommande periode arbeide aktivt for levande og inkluderande grender, med allsidig og blømande kulturliv. I tillegg er det viktig å styrkje grendene med både nye og eksisterande næringsverksemder, slik at ein får fleire tilflyttarar til grendene våre i kommunen.
Sist, men ikkje minst vil Bømlo Høgre væra ein pådrivar for det grøne skiftet, der me vil i større grad gjennomføre konkrete tiltak som er med på å styrkje kommunen som ein bærekraftig kommune. I tillegg vil Bømlo Høgre væra ein pådrivar for at me skal vidare utvikla ny og bærekraftig teknologi i kommunen vår, og fortsetje å vera verdsledande innan nye teknologiar og næringar som gjer nye arbeidsplassar, nye tenkemåtar og ikkje minst god politikk som kjem både innbyggjarane og naturen vår til gode.

Så kjære veljar, dersom du meiner dette er viktige og rette prioriteringar og vil at nokon skal jobba for dette i komande valperiode, då bør du bruka Bømlo Høgre si liste ved dette valet.

Godt val!

Anri Håvard Hebib
Ordførarkandidat
Bømlo Høgre