Forslag om nedlegging av Rubbestadnes VGS

Pressemelding frå Bømlo Høgre

Pressemelding angåande forslag til nedlegging av Rubbestadnes VGS

Bømlo Høgre er heilt i mot nedlegging av Noregs beste vidaregåande skule på
Rubbestadneset. å legge ned ein skule som er den einaste i landet som får toppkarakteren 6
er nærmast uverkeleg. For Bømlo Høgre er det viktig å stå samla rundt eit heilhetlig tilbod til
elevane våre på Bømlo. Dersom forslaget til fylkesrådmannen går igjennom, vil me mista eit
svært viktig tilbod nemleg dei yrkesfaglige-linjene. På Bømlo er me stolte over næringslivet
vårt, og dei er utan tvil avhengige av å ha eit godt og variert tilbod på Bømlo. Både når det
kjem til yrkesfag og studiespesialliserande fag. Etter vedtaket i fylket i 2013, fekk me ei
løysning som var bra for Bømlo der me fekk ein stor skule på Rubbestadneset med nærmast
alle linjene som me har per dags dato. Nå held me på å miste mykje av dette! Bømlo Høgre
vil legge ned alt av krefter for å kjempe for å behalde Rubbestadnes VGS og behalda heile
tilbodet som me har i dag på Bømlo. Me vil aktivt arbeide mot våre fylkespolitikarar og mot
representantar i Regjeringa. I tillegg rår me alle andre parti på Bømlo til å gjere det same!

Bremnes, 28/04/2016

Anri Håvard Hebib Ståle Vorland
Gruppeleiar Leiar