Fylkestinget sitt vedtak – Skulebruksplan for vidaregåande skule Bømlo

Les Bømlo Høgre sitt forslag til interpellasjon vedrørande skulebruksplanen. Dette innlegget sto også i dagens Bømlo-Nytt (26.10.2016)

Bømlo Høgre meiner at vedtaket gjort av fylkestinget under behandling av skulebruksplanen er eit svært dårleg vedtak for Bømlo. Vedtaket vil ikkje styrke den vidaregåande opplæringa i kommunen vår, men på sikt føre til at me mister heile det vidaregåande opplæringstilbodet til Stord. Dette må me som kommune unngå.
Det beste vedtaket for Bømlo kommune er vedtaket som vart gjort i 2013: Å slå saman dei to vidaregåande skulane til ei eining lokalisert til Rubbestadneset. Her kan ein byggje ein fullverdig vidaregåande skule for mange år frametter og som kan oppretthalde sin posisjon som Noregs beste skule.

Å lokalisere skulen til Leite kan gje store problemer på sikt for kommunen. Det er som mange veit ikkje plass til å bygge ut til ein større vidaregåande skule på Leite. Dette alternativet fører til at elevane våre må lære grunnleggande maskinferdigheter på Stord, få teori på Leite og praksis i verksemder på Bømlo.
Elevane våre må få ei samla opplæring på Bømlo.
Dette kan ein berre få ved å lokalisere alt til skulen i Rubbestadneset der det er plass til dette. Vidare er det fleire spørsmål som dukker opp ved å lokalisere opplæringa til Leite. Trafikksituasjon blir lite god når opp mot 1500 elevar skal fraktast via Leitevegen kvar morgon og ettermiddag. Ved framleis å nytta Rubbestadneset til vidaregåande skule vil også elevar frå Austevoll og Stord kunne nytta hurtigbåtruta som skuleskyss.

Med dette som bakgrunn meiner Bømlo Høgre at kommunen vår må ta ansvar for å behalde heile det vidaregåande tilbodet på Bømlo. Den beste måten er å følgje vedtaket frå 2013 og framleis ha eit tett og godt samarbeid med næringslivet og kommunen.

Det blir argumentert med at skulen må lokaliserast til Leite fordi Bømlo kommune ikkje kjøpte bygget til ungdomsskule for nokre år sidan. Dette er feil. Me ser at fylkeskommunen har behov for likviditet, ikkje minst grunna det faktum at fylkeskommunen nærmar seg Robek-lista. Difor ynskjer Bømlo Høgre at kommunen går inn i forhandlingar med Hordaland Fylkeskommune om kjøp av Bømlo vidaregåande skule på Leite forutsatt at ein då byggjer ut i Rubbestadneset. På den måten får ein behalde heile det vidaregåande tilbodet på Bømlo.

Skulebygget på Leite har store moglegheiter som Bømlo kommune kan dra fordel av til eks. vaksenopplæring, PPT-tjenesta, klasserom for Svortland skule, demenssenter … moglegheitane er mange. Ulike tenester som ein per dags dato må leige lokaler kan flyttast til dette bygget. Ved sal av tomta der Bremnes ungdomsskule står i dag, kan utløyse ein god salssum som kan delfinansiere kjøpet av bygget. I tillegg kan ein selge deler av tomta på Leite til lokale entreprenørar som ynskjer å byggje ut leiligheter eller andre prosjekt.

Bømlo Høgre meiner at kommunen må ta ansvar for å leggja til rette for eit fullverdig vidaregåande opplæringstilbod på Bømlo. Med dagens vedtak er vegen svært kort til at heile det vidaregåande tilbodet vert fliytta til Stord. Dersom Bømlo kommune ikkje har tilbod om vidaregåande opplæring, kan dette på sikt skape økonomiske problemer for kommunen. Færre og færre vil ynskje å bu på Bømlo og skatteinntektene vil bli lågare. Ei investering no er difor svært viktig for framtida til kommunen vår. Å kjøpe bygget på Leite er difor ei lita investering sett 30 år fram i tid. Dersom me ikkje gjer dette no kan konsekvensane bli katastrofale for heila bømlasamfunnet om nokre år.

Med dette som utgangspunkt vil Bømlo Høgre be rådmannen og administrasjonen om å lage ei sak til neste kommunestyremøte med følgjande utgangspunkt:

1.Bømlo kommunestyre ber Hordaland fylkeskommune reversere vedtaket gjort no i oktober om å leggje ned Rubbestadneset vid. skule. Vedtaket i Fylkestinget i 2013 må leggjast til grunn for vidare arbeid med denne saka, der ein oppretthalder ein skule på Rubbestadneset.

2.Dersom Hordaland fylkeskommune går med på å lokalisere skulen til Rubbestadneset, må Bømlo kommune gå i forhandlingar med fylkeskommunen om kjøp av bygget på Leite.

3.Sal av tomta der dagens Bremnes ungdomsskule er lokalisert, skal brukast til å
delfinansiera kjøpet.

På vegne av Bømlo Høgre.

Anri Håvard Hebib
Gruppeleiar