Lat oss vera fri til å bli det me vil!

Lesarinnlegg frå Vegard Enerstvedt som stod på trykk i Bømlo-Nytt 12. september 2015.

Det må vere lov å seia at eg blir skremd når eg les om korleis venstresida i fylke vårt ynsker å tvinge 16 åringar inn på skular dei ikkje ynsker å gå på. Eg er sjølv elev i den vidaregåande skulen her i fylket. Det smertar meg at dei som kjem etter meg ikkje skal få den same valmogelegheita som eg sjølv fekk. Fritt skuleval er ei viktig sak, både for foreldre og unge ved dette fylkesvalet.

Ikkje alle er like. Nokon av oss synest det er heilt flott å bu heime, og å gå på same skule som naboar, venner, ja, og kanskje foreldre gjekk på. Men det er langt ifrå alle som synest det. Det er mange blant oss unge som synes, etter 10 år i den kommunale skulen, at det er det på tide å oppleva ein annan kommune, og ikkje minst eit anna miljø. Bømlo er ein relativt liten kommune i forhold til mange andre i fylket. Det finst ein del unge som slit med å finne eit miljø som dei trivst i. For dei er systemet med fritt skuleval heilt avgjerande for å få ei god skuletid.

Det finnes også dei som ikkje vil gå studieførebuande (allmenn), TIP, eller nokon av dei 5 tilboda, fordelt på 2 skular, som finnes i kommunen. Det er i dag ein betydeleg del bømlingar som pendlar til Stord for å gå på, mellom anna, idrett eller musikk. Ja, eg kjenner til og med bømlingar som bur på Voss og Austevoll. Dei vidaregåande skulane på Bømlo har ikkje mange nok mogelegheiter til alle som bur her. Derfor er fritt skuleval viktig!

Når eg les om at Arbeidarpartiet vil fjerne denne retten, blir eg rett og slett forbanna. Dei seier at dei ynskjer sosial utgjeving i skulen, og færre elevar som droppar ut. Kvifor vil dei då fjerne fridomen til å velje sin eiga utdanning? Det er klart det at ein elev som vil gå på idrett kjem til å droppe ut om han blir tvungen til å gå normal studieførebuande. Ei som synest musikk er det beste på denne jord. Ho bør få gå på musikklinja på Stord. Å fjerne fritt skuleval kjem til å føra til at færre kjem inn på skulane dei ynskjer, og det vil auke, og ikkje minske, dei sosiale ulikskapane. La oss ikkje skapa vinnarkommunar og taparkommunar!

Eg høyrer eit av argumenta dei brukar er at mange ikkje kom inn på nærskulen sin, og er tvungen til å flytta vekk. Det er ein merkeleg påstand med tanke på at over 9 av 10 av elevane kom inn på fyrstevala sine dette skuleåret. Det tyder heller ikkje at dei siste 1 av 10 ikkje kom inn på nærskulane sine. Mange av dei kom nok inn på dei, sjølv om dei ikkje ville. Om det er eit problem med at mange ikkje kjem inn der dei vil, er problemet med talet på skuleplassar, ikkje kvar dei andre søkjarane er frå.

Saka om fritt skuleval handlar ikkje berre om å få betre vidaregåande skular i fylket, men om fridomen til å velje den utdanninga ein vil. Stem Høgre ved dette valet, både fylke og kommune. Sikra fridomen og mogelegheitene til alle unge i fylket vårt, både no og i framtida.

Vegard Enerstvedt

Elev og nr. 16, Bømlo Høgre.