Interkommunal legevakt og øyeblikkeleg hjelp-senger. Ei reform for innbyggjarane eller dei tilsette?

Lesarinnlegg avInge Reidar Kallevågsom sto på trykk i Bømlo Nytt 10.september 2015

Som det skulle vera kjent for dei fleste er saka om interkommunal legevakt og etablering av øyeblikkeleg hjelpsenger på Stord blitt eit viktig tema i denne valkampen og der det sitjande fleirtalet skuldar oss i Høgre for at dette er eit valkamputspel frå vår side.

For dei som har følgt med i politikken dei siste åra vil vita betre, all den tid me har stemt i mot denne løysinga frå fyrste dag den blei lansert. I tidligare valperiodar har og spørsmålet om interkommunal legevakt frå tid til anna dukka opp og der fleirtalet i kommunestyret kvar gong har stemt ned slike forslag. Men i denne valperioden har det politiske fleirtalet endra seg og der Ap, saman med sine allierte, no har gått inn for ei slik interkommunal løysing.

Argumenta som eg ser blir brukt er at det no er komne inn nye krav og retningsliner som gjer det umogleg for Bømlo å få dette til på eiga hand. Like fullt ser me at våre nabokommunar som både Austevoll, Tysnes og Kvinnherad har fått dette til og ein skulle tru at det er det same lovverket som gjeld for dei som for oss. Me meiner derfor at kan desse kommunane få dette til, ja då må og me på Bømlo kunna få dette til.

Det er i debatten og blitt uttalt at dette gjer ein etter klare råd frå legane, og då er me nok ved kjernen av denne saka, nemleg at legane over lang tid har ønska seg ei slik endring og at dei no har fått det politiske fleirtalet over på si side. Vår påstand blir derfor at denne reforma fyrst og fremst står fram som ei reform for legane og ikkje ei reform for våre innbyggjarar.

Mange brukar og den dårlege kvaliteten som har vore på denne tenesta i tidligare tider som argument for at ein ikkje vil tilbake til ei slik ordning. Det kan me fort bli samde om. Bømlo Høgre sin visjon er å samle dei kommunale helsetenestene i eit helsefaglig kompetansesenter ved Bømlo bu og helsesenter. Det vil føra til at me får fleire sjukepleiarar og anna fagpersonell inn i dette fagmiljøet. Dette vil etter vår meining styrke helsetilbodet i kommunen.I alle andre samanhengar der kvalitet er ei utfordring, då set ein inn tiltak for å betra denne. Dersom ein skule har dårlege, faglige resultat eller det er mykje mobbing på denne skulen, då legg ein sjølvsakt ikkje ned heile skulen men jobbar heller med tiltak som kan betra på tilhøva. Slik må ein og sjølvsagt gjera i spørsmålet om kvalitet på ei legevakt.

Oppi denne diskusjonen blei det då litt underleg når Frp sin fremste «våpendragar» i kommunestyret var meir opptatt av at kommunen måtte jobba aktivt for at mammografibussen og i framtida måtte koma til Bømlo slik at dei som skulle på ein slik kontroll, ein gong kvar tredje eller femte år, slapp å kjøra turen over til Stord.

Me skal heller ikkje leggja skjul på at denne saka for oss og handlar om noko større enn berre organisering av legevakt, men og ei organisering av ein framtidig kommunestruktur.

Bømlo Høgre er klar på at me meiner Bømlo skal halda fram som eigen kommune,men då lyt me og ha ein politikk som støttar opp om eit slikt syn, slik at alt av innbyggjarane sitt tenestetilbod som me kan ha i eigen kommunen vert prioritert. Berre slik vil me bli oppfatta som ein robust, attraktiv og sjølvstendig kommune i framtida. Alle parti slik eg har oppfatte det i denne valkampen meiner at Bømlo og i framtida skal bestå som eigen kommunen, men kan folket stola på slike lovnader når ein ser kva politikk ein driv med på viktige område ?

I spørsmålet om politireform går det og an og stilla tilsvarande spørsmål. Det ein har sett so langt av den politiske leiing i kommunen er at ein er mest oppteken av kva for politimester ein skal høyra til anten det blir Bergen eller Stavanger, men eg høyrer ingen som snakkar om at me i dag har eit nærpoliti som har kontortid tre dagar i veka og har stengt i fleire månader om sommaren. Eg trur faktisk innbyggjarane våre er meir oppteken av å få oppretthalda eit fullverdig lensmannskontor,og bryr seg lite om kvar politimesteren har sitt kontor.

Spørsmålet om legevakt og etablering av øyeblikkeleg hjelp-senger handlar først og fremst om politisk mot og vilje til å stå i mot administrative anbefalingar om at interkommunal løysing vil vera det beste. Det blir i so tilfelle eit spørsmål om kven det vil vera best for?

Bømlo Høgre har i denne saka hatt fokus på kva me trur vil vera best for innbyggjarane og kommunen vår som ein robust og attraktiv eining, og so må me «rigga» tenestetilbodet slik at det tilfredsstiller alle dei statlege krav, slik som våre nabokommunar då tydelegvis har klart å få til.

So kjære veljar, dersom du meiner at ei fullverdig legevakt er ein viktig del av kommunen sitt helsetilbod til sine innbyggjarane, og du meiner at det er viktig at nokon og i komande valperiode skal jobba for ei slik løysing, ja då bør du bruka Bømlo Høgre si liste ved dette valet.

Godt val !

Inge Reidar Kallevåg
Gruppeleiar / 3 kandidat
Bømlo Høgre