Om Regionreformen – verknader for Bømlo

I lys av dei diskusjonane som går føre seg langs heile Vestlandskysten, om større fylker/regioner, ønskjer Styret i Bømlo Høgre å invitera innbyggjarane , næringsdrivande og resten av det politiske Bømlo en open diskusjon om kommunereforma.

Det er dermed ikkje sagt at me skal hive oss inn i ein ny runde med kommunereform og samanslåing, men det må væra lov til å tenkje nytt og ikkje minst mye større en dei samtalane me på Bømlo har hatt om kommunereforma tidlegare.

På bakgrunn av det som kom fram i Haugesund Avis si nettutgåve nyleg, der Ordførerane i Sunnhordland og Nord-Rogaland var samla om eit felles ønske om at Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane dannar ein felles Vestlandsregion, meiner Bømlo Høgre det er veldig viktig for oss å få i gang ein diskusjon snarast. Om Rogaland skulle sjå sørover i staden, saman med Agder og Hordaland går nordover mot Sogn og Fjordane, vil den nye fylkes/regiongrensa gå akkurat her i vårt område. Då vert me ein utkant i begge dei nye regionane.

Me veit at Bømlo i dag er ein mellomstor kommune og me har det svært bra, på dei aller fleste områder.

Men mykje av det me forholda oss til i kvardagen vår dreg oss sørover. Utdanning, kulturaktivitetar, arbeidsmarknad og helse- og friluftsliv er alle eksempel der me her på Bømlo er tett knytta til Haugalandet. Tannlegekontoret på Svortland henviser til tannlegevakta i Haugesund. Til og med våre COOP-butikkar er plassert under COOP Haugaland!

Vidare har me på Bømlo tildømmast eit godt samarbeid med Friluftsrådet Vest, Karmsund Havnevesen, SIM/HIM, Helse Fonna, Felles Politi, Maritimt Forum avd. Haugalandet og Sunnhordland, Sunnhordland Kraft / Haugaland Kraft og Høgskulen Stord-Haugesund.

FK Haugesund pustar Brann i nakken som populær toppfotballklubb på Bømlo…

Innan samferdsel og infrastruktur må nemnast Skyss og Kolumbus som er styrt frå Bergen og Stavanger. Desse fylkeskommunale selskapa styrer buss, ferje og hurtigbåtruter i vårt område. Dette kan me få meir styring over lokalt om me samlar oss til ei større eining. Vidaregåande utdanning er ei anna oppgåve som ein monaleg større kommune kan få styring over.
Me må og huska på mogelegheitene som kjem med ny E134-aust over Haukeli, E39 Rogfast sørover og seinare Hordfast nordover, dette er vegsamband som vil bety svært mykje for oss i framtida, og som me må stå saman om.

Me har og gode hamner og flyplassar. Dette er utrulig spennande og gjev mange mogelegheiter som må utnyttast best mogeleg. Heile området vårt kan bli mykje meir dynamisk med færre kommunegrenser. Både for privat og i offentleg sektor. Med over 100.000 innbyggarar vert dette også ei stor politisk kraft. Lokal styring kan me sikra gjennom kommunedelsutvalg.

Difor er det nødvendig å fortsatt forholda seg til den pågåande kommunereforma. I sist kommunestyremøte utalte Ordføraren ganske bestemt at han var ferdig med kommunereforma. Ein må kunne spørje seg om dette er til det besta for innbyggjarane i Bømlo eller om det er rein partipolitikk? Kommunereforma pågår for fullt i heile Norge, enten ordfører Hovland vil eller ikkje.

Det kunne vore interessant og høyra kva innbyggjarane og næringsdrivande i Bømlo meiner om ein slik større eining?
Ein ny storkommune beståande av kommunar frå Sunnhordland og Haugalandet, som i sin tur vert en stor og slagkraftig kommune i den nye fylkesregionen, – Vestlandet?

Med helsing
Styret i Bømlo Høgre