Fråværsgrensa, eit steg i rett retning.

Lesarinnlegg frå Vegard Enerstvedt som stod på trykk i Bømlo-Nytt April 2016.


Fråværet i den vidaregåande skulen er for høg. Som ein respons på det har utdaningsdirektoratet og Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fremma eit forslag for å motverke dette. For å straffa skulkarane og lettare fanga opp dei som slit og treng hjelp. Dette forslaget har blitt svartmalt. Den blir framstilt som ein reform som skal øydelegga karaktersnitt, auke press og stress, samt å gjera skulen til ein mindre varm og god stad å vera. Som ein elev i den vidaregåande skulen seg eg fram til denne endringa.

Forslaget som direktoratet har lagt fram går ut på at elevar som har meir enn 10% eller 15% udokumentert fråvær i eit fag kan miste retten til halvtårskarakter eller stampunktkarakter i det faget. Dokumentert fråvær kan vera t.d om ein er sjuk med legeerklæring, politisk arbeid, hjelpearbeid, om det er lovpålagd oppmøte, eller nasjonale og internasjonale arrangement. Der er ikkje frykta for udokumentert fråvær som skal hindra deg i å reisa på landslagssamling.

Når det er snakk om rettar må ein og ta med pliktar. Det er fullstendig frivillig å begynna på vidaregåande utdanning. Det offentlege brukar i snitt over 130 000 kr på kvar elev kvart år. Det er veldig mykje pengar. Når ein har rett til karakter, så har ein ei plikt til å møte opp i timane. Det handlar ikkje berre om å respektera læraren, men og om å lære seg god arbeidsmoral. Dette er vår tids røykelov. Om 10 år kjem vi til å være veldig glade for den.

Det som ofte blir dratt fram i debatten om denne saka er korleis nokre elevar som slit med psykiske lidingar kjem til å falle utandfor. Det er ikkje tilfellet. Ei fråværsgrensa vil gjere det enklare for skulane å plukke opp dei som treng hjelp. Det er nemleg slik at om ein ligg an til å komme over denne grensa skal skulen ta kontakt med eleven og foreldre (om eleven er under 18). Dette er lovfesta at skular må tilby hjelp til elevar som ikkje finn seg til rette (Opplæringslova §22-1). I dag finnes det ikkje noko automatisk system som plukkar opp sånne elvar. Skulane kan alltid bli betre på dette område. å gi skulane eit nytt verktøy til dette arbeidet er eit steg i rett retning.

Det finnes ei haldning blant nokre elevar at om dei forsøv seg 5 minutt treng dei ikkje komma på skulen. Det er slike haldningar ein vil til livs. Slike haldningar går ikkje berre negativt utover ein sjølv, men det visar og ein total mangel på respekt for læraren og medelevane sine. Det førar til krav om ekstra prøvar, eller forlenga fristar. Når ein har halvparten så mange skuletimar i året som eit arbeidsår (ssb), treng ein då verkeleg 80 timar fri til?

Forslaget om å innføra ei grensa for udokumentert fråvær vil ha ein positiv verking. Den vil senka fråværstala, og med det talet på elevar som ikkje fullførar vidaregåande skule. Det vil sende eit signal om at det ikkje er greitt å skulke. Eit signal om at det faktisk er forventa av ein elev som frivillig går på skulen skal møta opp kvar dag. Ei fråværsgrense vil og gjere skulane meir merksam på elevar som sliter. Dei elevane som ikkje klarar å gå på skulen, og derfor opparbeida seg eit høgt fråvær vil vera enda synligare.

Motstandarane har enten ikkje satt seg inn i saka, eller ignorera bevist viktige delar av forslaget. Ei fråværsgrensa vil hjelpa, ikkje sverta. Den vil senda eit signal til dei som treng ein påminning, og plukka opp dei som trenger det. Ein må slutta å sjå på skulane som ein liten del i eit andletlaust system, men som det det faktisk er. Ein samling flinke lærarar, kontorpersonale, reinhaldsansvarlige m.m. som berre ynskjer det beste for elevane.

-Vegard Enerstvedt

Elev og medlem Bømlo Høgre.