Uttale i frå Bømlo Høgre ang. ny skulebruksplan, Hordaland fylkeskommune.

Bømlo Høgre er svært uroa over forslaget som først kom i frå fylkesadministrasjonen og for få dagar sidan i frå fylkesrådmannen, der ein føreslår å leggje ned Noregs beste vidaregåande skule, Rubbestadnes Vidaregåande Skule. (Dette innlegget sto også på trykk i Bømlo Nytt tidlegare i haust.)

For få år sidan opplevde Bømlo samfunnet ein stor kamp for å behalde det vidaregåande tilbodet, etter at skulebruksplanen var oppe til politisk behandling. Etter fantastisk innsats av innbyggjarane, næringslivet og politikarar i kommunen klarte me å behalde så og seie heile det vidaregåande tilbodet med lokalisering på Rubbestadneset. Eit vedtak som bømlingane var godt nøgd med. I dag er forteljinga ei anna: ein er i fare for å miste heile det yrkesfaglege tilbodet til Stord, men ikkje nok med det så ynskjer ein å legge ned noregs aller beste vidaregåande skule i 2016.

Engasjementet i Bømlo har vore stort, ja kanskje større enn nokon gong. Kort tid etter nyheita om at Rubbestadnes VGS stod i fare for å bli lagt ned, hadde det bli oppretta ei facebook side. Over 2300 personar liker sida ”Me som ikkje vil at Rubbestadnes Vidaregåande Skule skal leggast ned” per dags dato, noko som bare illustrerer engasjementet til folk. Tverrpolitisk har ein arbeida for å ”behalde det vidaregåande tilbodet”, utan å snakka noko om Bømlo VGS bør bli flytta til Rubbestadnes eller motsatt.

For oss i Bømlo Høgre er det nemleg uforståelig at ein kan flytte ein yrkesskule som bare har eit lite steinkast ned til ei av dei viktigaste næringsklyngene me har på vestlandet. Wartsila, Olvondo, LOS Marine, Rapp Marine er bare nokon av bedriftene som er i umiddelbar nærleik til skulen. Næringslivet og yrkesskulen har gong på gong dei siste månadane påpeikt at det er nettopp derfor Rubbestadnes VGS er noregs beste skule: fordi ein har gode lærarar, godt miljø og ikkje minst har eit næringsliv som er i umiddelbar nærleik og som tørr å satse på å elevane. Det er difor vanskeleg å sjå at det å flytte elevane 10 km vekk i frå bedriftene vil skape ein betre skule.

For Bømlo Høgre er det viktigaste først og fremst å behalde heile det vidaregåande tilbodet, men ikkje nok med det. Tidligare i år var me ute og ba administrasjonen i kommunen arbeide med ein plan der dei såg på moglegheitene for å få ein akvakulturlinje ved Rubbestadnes VGS. Bømlo er som kjent ein av vestlandets vitktigaste oppdrettskommunar, og ei akvakulturlinje hadde styrka skulen betraktelig. Når det kjem til lokalisering ynskjer me å væra 100% ærlige, og me klarar ikkje å sjå nokon andre gode løysningar enn å flytte Bømlo VGS til Rubbestadnes VGS, slik førre vedtak vart gjort når Høgre sat i posisjon på fylket. Næringslivet ynskjer det, hovedparten av folket ynskjer det, og ikkje minst så ynskjer elevene det. Me er redde for at Arbeidarpartiet i kommunen vår tenkjer meir motsatt, med begrunnelse at fleirtalet i partiet deira kjem frå svortlands-område der Bømlo VGS er lokalisert.

Me håpar at Hordaland Høgre kan ta beslutninga å gå ut å verna Noregs beste skule, nemleg Rubbestadnes VGS. Det hadde bømlosamfunnet tjent på, og som søsterparti til fylkespartiet meinar me at det er det absolutt klokaste valet å gjere. Me vil gjerne ta i mot representantar i frå Hordaland Høgre til eit besøk på Rubbestadnes VGS og næringslivet i Rubbestadneset.

Me håpar på at me kan behalde noregs beste vidaregåande skule, og ikkje minst heile det vidaregåande tilbodet i Bømlo Kommune. På sikt kan det bli enda betre!

Anri Håvard Hebib
Gruppeleiar Bømlo Høgre

Ståle Vorland
Leiar Bømlo Høgre