Val til fylkestinget, noko for oss bømlingar?

Lesarinlegg fråInge Reidar Kallevågsom stod på trykk i Bømlo-Nytt 12. september 2015.

Lokalvalet nærmar seg med stormskritt og det som får mest omtale er nok kommunevalet. Kanskje ikkje so overraskande, det er jo i kommunen folk bur og då vert det naturleg nok at fokus rundt dei kommunale spørsmåla vert størst.

Men det skal og veljast nye representantar til eit nytt fylkesting og spørsmålet blir om det og er noko som burde engasjera «bømlingane» ved dette valet.

Fylkeskommunen har ansvaret for det meste av vegnettet i kommunen vår og ei vidareføring av Bømlopakken vil vera ei viktig oppgåve og i komande valperiode.
Fylkeskommunen har ansvaret for den vidaregåande opplæring i kommunen og arbeidet med å sikra ei gjennomføring av ein «ny» og fullverdig vidaregåande skule vil vera ei viktig oppgåve i komande periode.

Fylkeskommunen har ansvaret for all kollektiv tilbodet i kommunen vår med både ferjer, hurtigbåtar og buss.
Arbeidet med å få til eit rutetilbod som heng betre i saman, med god korrespondanse mellom dei ulike bussane og båtane vil vera ei viktig oppgåve i komande periode.

Fylkeskommunen er ein viktig aktør innan både kultur og regional utvikling. Å arbeida for av Bømlo og Sunnhordland får sin rettmessige del av midlar og tiltak vil vera viktige oppgåver i komande valperiode.
Ved komande val til fylkestinget er det berre to parti som har kandidatar frå vår kommune som eventuelt kan få «handa på rattet» og i den komande valperioden.

Gode veljar, tenk at det er viktig at kommunen vår og har folkevalde talspersonar på det regionale nivå. Tenk Bømlo sitt beste når du no skal gi di stemme ved fylkestingsvalet.

Godt val!
Inge Reidar Kallevåg
5. kandidat Hordaland Høgre