Slik vil Høgre styra Vestland dei neste fire åra

Andreutkastet til fylkestingsprogrammet 2023-2027 er no klart. Programmet skal endeleg vedtakast på årsmøtet den 4.-5.februar.

Noralv Distad er leder i programkomiteen, og er svært fornøyd med det endelige utkastet.

Programkomiteen sitt førsteutkast til fylkestingsprogram vart publisert den 23.september i 2022. Sidan den gong har komiteen fått mange gode innspel til politikk frå både høgremedlemmer, organisasjonar, bedrifter, foreiningar og andre enkeltpersonar. Komiteen takkar for alle dei gode innspela!

Etter ein grundig prosess har komiteen no ferdigstilt sitt andre utkast til fylkestingsprogram for valperioden 2023-2027. Programmet skal endeleg vedtakast på Vestland Høgre fylkesårsmøtet sitt den 4.-5.februar.

«Eg er glad for å presentera eit program med gode løysingar for innbyggjarane, bedriftene og lokalsamfunna i Vestland. Programmet er ei satsing på kvalitet i tenestene, tillit til og valfridom for den enkelte og tilrettelegging for berekraftig vekst.» sier Noralv Distad, leder av programkomiteen.

Medlemmer av Vestland Høgre kan senda inn endringsforslag til programmet til siljoh@hoyre. Fristen er laurdag 28.januar.

Hovudelement i programmet:

  • Innføre fritt skuleval i heile Vestland med reisetidsgaranti
  • Gjere det enklare og meir attraktivt å reise kollektivt
  • Bygge infrastruktur for tryggleik og vekst
  • Ta Vestlandet sitt sterke ressursgrunnlag i bruk til berekraftig vekst
  • Utvikle Vestland i samarbeid, med innbyggjarar, næringsliv og kommunar
  • Framheva Bergen sin posisjon som senter og motor for framgang i heile fylket
  • Ha meir handlekraft og auke tempo i politiske prosessar
  • Vere garantisten for at Vestland skal få realisert våre viktige samferdselsprosjekt
  • Stå for ansvarleg økonomistyring med tydelege prioriteringar til beste for innbyggjarane
  • Ha eit sterkt engasjement for eit trygt Vestland, med god beredskap og eit sterkt forsvar
  • Sikre brukarvennleg digitalisering av dei fylkeskommunale tenestene
  • Søke samarbeid med Rogaland med intensjon om å på sikt å slå saman dei to fylka til eit felles Vestland.