Fylkestinget vedtok framlegget frå Høgre om å be Stortinget styrkje den regionale satsinga på forsking

– Vi er glad for at eit fleirtal i fylkestinget er samde med oss. No får vi håpe at regjeringa lyttar til Vestland, seier Noralv Distad.

Noralv Distad er gruppenestleiar for Vestland Høgres fylkestingsgruppe og medlem av hovedutvalg for næring. Foto: Vestland Høgre

I Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2024 vert det tilrådd å kutta løyvingane til dei regionale forskingsfonda. Vestland fylkesting ber difor om at Stortinget rettar opp i dette og syter for at midlar kjem på plass. 

– Behovet for forskingsmidlar vil auka i åra framover og dei regionale prosjekta må få nødvendige løyvingar, fortel Distad. 

Regionalt forskingsfond Vestland har i fleire år hatt stor aktivitet, og seinast i juni 2023 har 10 nye prosjekt fått støtte. Fylkeskommunen forventa vidare støtte frå staten og har difor forskottert midlar for å sikra kontinuerleg aktivitet. Det vert svært krevjande å dekka inn eit heilt uventa og uheldig kutt.

Distad fortel vidare at forsking og innovasjon er heilt grunnleggjande for å lykkast med det grøne skiftet, skapa regional vekst og sørgja for at det er attraktivt å bu i heile landet, både i distrikt og byar.

Vestland fylkeskommune har store ambisjonar for berekraftig verdiskaping, og det krev høgt fokus på kunnskap og kompetanse. Det er difor lagt vekt på at forskingsmidlar skal vera tilgjengelege på brei basis, for næringsliv, offentleg sektor og forskingsorganisasjonar i regionen. Forskinga er med på å utvikla nye forretningsområde og næringar. 

– Regionalt forskingsfond Vestland er den viktigaste økonomiske kjelda til forsking i regionen. Å svekka den krafta som ligg i regional innovasjon og forsking er svært uheldig, seier Distad.