Høgre lovar å vere ei tydeleg stemme i opposisjon

I dag vart det konstituerande fylkestinget halde på Vestlandshuset i Bergen. Høgre lovar å vere eit endå tydelegare opposisjonsparti dei neste fire åra. 

Gruppeleiar og nestleiar, Silja Ekeland Bjørkly og Noralv Distad, er klare for å gå laus på ein ny periode saman.

–Vi skulle gjerne ha vore i posisjon, men vi skal vise oss som ein tydeleg og konstruktiv opposisjon framover, seier gruppeleiar Silja Ekeland Bjørkly. 

Høgre vart største partiet etter valet i år, og veljarane uttrykte at dei ønskte eit skifte. Diverre valde dei moglege samarbeidspartnarane våre å halde fram å samarbeide med venstresida. Desse partia er i utgangspunktet særs usamde politisk og har ikkje evna å prioritere dei viktigaste sakene. 

–Vi har naturlegvis vore skuffa over at dei moglege samarbeidspartnarane våre valde å gå ein annan veg, men tida for å vere skuffa er no forbi. No er vi i opposisjon, og vi skal sørge for å utfordre posisjonen og fremje god Høgre-politikk dei neste fire åra, held Bjørkly fram. 

Høgre lovar å vera ei tydeleg stemme for dei sakene vi gjekk til val på. Gruppeleiaren er tydeleg på at Vestland har store moglegheiter og ubrukt potensiale på mange områder.

–Framover vil vi jobbe for å skape ein skule der alle kan lukkast, bygge meir veg, kutte utslepp, auke kraftproduksjonen og sikra gode kollektivtilbod til fleire, avsluttar Bjørkly.