Høgre sitt budsjett er klart

Høgre prioriterar veg, kvalitet i skulen og psykisk helse i deira budsjett. Gruppeleiaren meiner budsjettet er framtidsretta og godt.

Vestland Høgres fylkestingsgruppe

Høgre la fram sitt alternative budsjettforslag onsdag 24.november. Budsjettet har ei tydelig retning mot å satse meir på veg og kvalitet i skulen. Høgres gruppeleiar, Silja Ekeland Bjørkly, meiner budsjettet er svært framtidsretta.

«Vi har laga eit alternativt budsjett med offensiv satsing på vegvedlikehald og skule. Vi har eit etterslep på vegvedlikehold på rundt 13 milliardar. No har vi moglegheit til å redusera etterslepet. Den moglegheita grip Høgre ved å løyva 130 millionar ekstra til vegvedlikehald og punktutbedring.»

Silja Ekeland Bjørkly, Høgres gruppeleiar på fylkestinget

Ho fortel vidare at ho er særleg nøgd med satsinga på skule i dette budsjettet.

«Forsking viser at det å ha ein vaksen person som kan sjå den enkelte eleven, ikkje berre fagleg, men også sosialt, særleg i overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande, kan vera avgjerande for om eleven lykkast med skulegangen. Derfor har vi satsa 20 millionar på miljøkoordinatorar, som er nettopp ein slik vaksen person.»

Silja Ekeland Bjørkly, Høgres gruppeleiar på fylkestinget

I budsjettet løyver Høgre 10 millionar til ei ny kollektivløysing som skal vera meir mobil og fleksibel. Gruppeleiaren meinar Vestland fylke står i ei alvorleg situasjon kor færre reiser kollektivt enn før. Høgre meiner det no er viktig å gi dei reisande eit tilbod som er tilpassa deira behov og ønsker.

«Vi er i ein alvorleg situasjon. Vestland fylkeskommune tapar store summar på at folk endrar reisevanane sine, og vel bort buss. Høgre vil revolusjonera heile mobilitetssystemet, der bysykler og sparkesyklar er inkluderte, og der vi har ein tettare relasjon til hurtigbåtar. Prisane må tilpassast det folket får igjen for tilbodet».

Silja Ekeland Bjørkly, Høgres gruppeleiar på fylkestinget

Vestland Fylkesting skal behandle og vedta deira budsjett på fylkestinget i desember.

Les heile Høgres budsjettforslag her: