Nominasjonskomiteen sitt framlegg til stortingsliste for Vestland Høgre 2021 -2025 for Sogn og Fjordane Valdistrikt

Nominasjonskomitèen er glade for at det var så stor interesse for å bli ein del av laget som skal sikre at Høgre vinn valet og at statsministeren fortsatt heiter Erna Solberg etter valet om eit knapt år.

Innstillinga er einstemmig og endelig liste skal stemmast fram av partiet sitt nominasjonsmøte 3. desember som vil være heldigital og streames Live på våre Facebook sider for alle som vil følge møtet (org dato var 8. november).

Komiteen har levert eit forslag som gir Erna eit godt utgangspunktet for ein knallsterk lagseier i vest, og med det eit viktig bidrag til at landet vårt får ei Høgreleia regjering også etter valet i 2021. Her vest treng vi ei regjering som bygger veier mellom folk, arbeidsplassar og lokalsamfunna våre, som vil skape meir og inkludere fleire i arbeidslivet og som gjer verdiskapninga vår grønare og meir lønnsam for fremtida. Nominasjonskomitèen minner også om at ambisjonane for Høgre er høge framfor neste års val. Forrige val var godt, men ingenting tyder på at vi ikkje skal kunne matche og kanskje også overgå valresultatet frå forrige stortingsval. Det betyr hardt arbeid frå hele partiet. 

Lista nominasjonskomitéen no har satt saman betyr fornying  på nokre av dei sentrale plassene på lista, men understreker at listeforslaget i stor grad reflekterer den same prioriteringa som partilaga har gjort gjennom prøvenominasjonen som er foretatt fra juni til september. Komiteen har valgt å la partiet gi innspel både gjennom ein prøvenominasjon der alle lokallaga har sagt sitt, men også med ei uravstemming der også det enkelte partimedlem har hatt høve til å sei sitt. På denne måten vert nominasjonsprosessen meir demokratisert enn tidlegare, då den var meir lukka for andre enn dei som var delegater til partiet sitt nominasjonsmøte

Komitèen har med sitt listeforslag avslutta sitt arbeid og det er no nominasjonsmøtet som skal sluttføre listearbeidet på møtet 3. desember. Der skal listeforslaget debatterast og stemmast over.

Nominasjonskomitèen takker lokallaga og alle våre medlemmer for alle innspel og råd som er spelt inn til komiteens arbeid. Det har både gjort jobben enklare og vanskeligare på samme tid, men ei einstemmig innstilling viser at råda vi har fått har vore gode. Komitèen ser no frem til nominasjonsmøtet.

Nominasjonskomitèen takker også dei som ikkje er med videre på stortingslista for 2021. Ei liste på 10 navn vil alltid medføre at nokon ikkje når helt opp eller får den plassen dei eller deira lokallag skulle ynskje seg, men for komiteen har dette vore eit reint luksusproblem. At partiet har så mange som vil, som kan og som bidreg til dette laguttaket viser bredde, styrke og at vi langt fra er ferdig med jobben det fortsatt er å lede landet vårt styrket ut av krisen vi fortsatt står i. Vi håper alle vil bidreg i valkampen vi nå går inn i sjølv om ikkje alle står øverst på stortingslisten vi har lagt frem.

Vi minner til slutt om at komiteens arbeid er ferdig, men at nominasjonsmøtet er suverent til å gjere sine endringar. Det er aldri slik at en nominasjonskomite skal sette to streker under listeforslaget, det er nominasjonsmøtet suverent til å gjere. Komiteen har jobbet godt og lenge med listeforslaget som vi sjølvsagt meiner treff godt på bestillinga som vi fikk fra partiet; sett sammen det laget som sikrer at flest mulig vestlendinger stemmer på Høgre og Erna i 2021. Den jobben har vi gjort, og nå skal nominasjonsmøtet få gjøre sin jobb.

Under finn de ein presentasjon av alle dei 10 kandidatane på lista.

Kontaktperson for spørsmål og andre henvendelser:

Vidar Grønnevik
– Leiar Sogn & Fjordane nominasjonskomite

Telefon: +47 90544118
e-post: vidar@vili.no

Med beste helsing
Nominasjonskomiteen for Sogn & Fjordane valgkrets i Vestland Høgre