Regjeringa gir 300 mill i ekstraløyvingar til bedriftsintern opplæring
Stortinget løyver no 300 millionar kroner ekstra til bedrifter for å motverka permisjonar og oppseiingar. Kvar bedrift i Vestland kan no få opp til 2 millionar kroner.
For å motverka permisjonar og oppseiingar, og samtidig bidra til kompetanseheving, har Stortinget løyvd 300 millionar kroner til fylkeskommunane slik at dei kan bidra til bedriftsintern opplæring (BIO).
Vestland Høgre er svært glad for at Regjeringa 6. april betalar ut heile 35 547 000 kroner til Vestland Fylkeskommune. Midlane skal nyttast til bedriftsintern opplæring for å unngå permitteringar og for å få folk tilbake i arbeid.
Noralv Distad, fylkestingsrepresentant Vestland (H)
Motverke permisjonar og oppseiingar
Mange bedrifter på Vestlandet er hardt ramma av nedstengelser og smitteverntiltakene det siste året. Høgres gruppeleiar på Fylkestinget fortel at midla er viktige for å hjelpa bedriftene i tida framover.
Koronakrisa har gått hardt utover både store og små bedrifter over heile landet. Mange har opplevd permisjonar og oppseiingar. Å motverka dette samtidig som fleire får auka kompetanse for framtida, er vinn-vinn!
Silja Ekeland Bjørkly, gruppeleiar for Høyres fylkestingsgruppe i Vestland
Fylkestingsrepresentant, Noralv Distad (H) synest det er flott at pengane er komne på bordet, og oppfordrar bedriftene til å søka på midla.
Mange er ramma av pandemien, då er det viktig å satsa på opplæring slik at både arbeidstakarar og bedrifter kan oppretthalda aktivitet og stå betre rusta til å møta framtida. Vestland Høgre vonar på stor respons når fylkeskommunen no lyser ut midlane. Det er flott at dei og kan nyttast til å ta fagbrev på jobb.
Noralv Distad, fylkestingsrepresentant Vestland (H)
Se fylkesvis fordeling under, i 1000-kr:
Fynr | Fylke | Antall innbyggere | Bevilget i Prop. 79 S (2020-2021) | Bevilget i Prop. 94 LS (2020-2021) | Sum |
3 | Oslo | 697 010 | 25856 | 12930 | 38 786 |
11 | Rogaland | 482 645 | 17904 | 8952 | 26 856 |
15 | Møre og Romsdal | 265 544 | 9851 | 4925 | 14 776 |
18 | Nordland | 240 345 | 8916 | 4458 | 13 374 |
30 | Viken | 1 252 384 | 46459 | 23229 | 69 688 |
34 | Innlandet | 370 603 | 13748 | 6874 | 20 622 |
38 | Vestfold og Telemark | 421 882 | 15650 | 7825 | 23 475 |
42 | Agder | 308 843 | 11457 | 5728 | 17 185 |
46 | Vestland | 638 821 | 23698 | 11849 | 35 547 |
50 | Trøndelag | 471 124 | 17477 | 8738 | 26 215 |
54 | Troms og Finnmark | 242 168 | 8984 | 4492 | 13 476 |
Landet | 5 391 369 | 200000 | 100000 | 300 000 |