Rekordsatsing på psykisk helse for ungdom i Vestland


Regjeringa har styrka løyvinga til helsestasjons- og skulehelsetenesta kraftig. I 2021 blir om lag 1,3 milliardar kroner brukt til kommunale tiltak rundt om i landet
.

Ungdomskandidatane for Vestland Høgre. Lise May Sæle, kandidat i Hordaland valdistrikt (t.v) og Elias Eide, kandidat i Sogn og Fjordane valdistrikt (t.h).

Regjeringa løyver no store summar for å styrke helsestasjonane og skulehelsetenesta i Vestland fylke. Ungdomskandidatane i Vestland Høgre er svært begeistra for løyvingane.

«Helsestasjonane og skulehelsetenesta gjer ein svært viktig jobb med å vere tilstades for å hjelpe barn og unge som har ulike behov. Dei følgjer òg opp kvinner og familiar i både svangerskapet og i barselperioden. Eg er veldig glad for at kommunane bygger ut dette tilbodet. Ein sterk helsestasjons- og skulehelseteneste bidrar til å gi barn og unge ein trygg og god start i livet.»

Lise May Sæle, Stortingskandidat i Hordaland valdistrikt

Stortingskandidat Elias Eide seier seg samd, og understrekar at penga er viktig for elevar i skulen.

«Mange elevar opplever mobbing eller slit psykisk. Då er det helt avgjerande å ha ei god skulehelseteneste som har tid til kvar enkelt elev. Desse midlane frå regjeringa betyr at fleire no vil få hjelp. Det er bra.»

Elias Eide, Stortingskandidat i Sogn og Fjordane valdistrikt

Det har vore ein betydeleg auke i årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta dei siste åra (ifølgje SSB-tal):

  • Frå 2015 til 2019 økte antall årsverk i tenesta (alle faggrupper) med 1401 – ei økning på 31 %.
  • Frå 2015 til 2019 økte antall helsesykepleiere i tenesta med 514 årsverk – ei økning på 21 %.

Dette arbeidet har vore viktig for regjeringa, og satsninga har gitt resultater. Frå 2015 til 2019 (sist tilgjengelige tall) er antallet årsverk økt med over 30 prosent. Det bør vi vere stolte av!

Elias Eide, Stortingskandidat i Sogn og Fjordane valdistrikt

Sæle fortel vidare om at koronapandemien har auka behovet for ei slik satsing.

Koronapandemien gjer at nære og kjente helsetilbod som helsestasjonar og helsesjukepleier på skulen er viktigere enn nokon gang. Særleg når vi veit at stadig fleire unge slit psykisk. Mange er og usikre på korleis pandemien påverkar svangerskapet og barselperioden. Helsestasjonane er viktig for informasjon og oppfølging undervegs.

Lise May Sæle, Stortingskandidat i Hordaland valdistrikt

Her er ei fullstendig oversikt over fordelinga i Vestland:

KOMMUNE
ALVER KOMMUNE (1)
(I kr)
2 550 000
ASKVOLL KOMMUNE (1)445 380
ASKØY KOMMUNE (2)2 675 000
AURLAND KOMMUNE (1)445 380
AUSTEVOLL KOMMUNE (2)593 844
AUSTRHEIM KOMMUNE (1)445 380
BALSFJORD KOMMUNE393 500
BERGEN KOMMUNE BYRÅDSAVDELING FOR ARBEID, SOSIAL OG BOLIG20 820 900
BJØRNAFJORDEN KOMMUNE (1)2 803 500
BREMANGER KOMMUNE (1)519 600
BØMLO KOMMUNE (5)1 485 600
EIDFJORD KOMMUNE296 922
FEDJE KOMMUNE148 461
FITJAR KOMMUNE742 300
FJALER KOMMUNE (1)670 000
HYLLESTAD KOMMUNE (1)371 500
HØYANGER KOMMUNE (2)400 000
KINN KOMMUNE HELSE OG VELFERD2 033 280
KVAM KOMMUNE EINING FOR HELSE OG VELFERD742 305
KVINNHERAD KOMMUNE (1)965 000
LUSTER KOMMUNE (1)890 765
LÆRDAL KOMMUNE (1)371 150
MASFJORDEN KOMMUNE (1)519 600
OSTERØY KOMMUNE (1)742 305
SOGNDAL KOMMUNE (3)691 700
SOLUND KOMMUNE (1)222 691
STAD KOMMUNE (2)1 160 000
STORD KOMMUNE (3)2 396 000
STRYN KOMMUNE HELSE- OG SOSIALADMINISTRASJON744 830
SUNNFJORD KOMMUNE (2)2 998 150
TYSNES KOMMUNE (1)661 300
ULLENSVANG KOMMUNE (2)1 113 500
ULVIK HERAD (1)371 500
VAKSDAL KOMMUNE (1)393 500
VIK KOMMUNE (1)148 461
VOSS HERAD KOMMUNALAVDELING OPPVEKST921 800
ØYGARDEN KOMMUNE (2)5 490 600
Dei kommunane som ikkje er med i fordelinga har ikkje søkt om midler.