Skape meir og inkludere fleir i Vestland
På Vestland Høgres årsmøte 31.januar, vedtok vi resolusjonen «Skape meir og inkludere fleir i Vestland». Vi treng levande distrikt og gode lokalsamfunn i heile fylket vårt!
Levande distrikt og gode lokalsamfunn
Høgre vil bidra til å skape attraktive lokalsamfunn og vekst i næringslivet. Vi treng gode lokalsamfunn og tettstadar som er attraktive og som innbyggjarane trivast i. Når næringslivet har gode rammevilkår, kan det fulle potensialet som ligg i samfunnet utnyttast. Samstundes er det for mange unødvendige reguleringar og eit for omfattande byråkrati som gjer at kommunar og bedrifter ikkje får utnytta dette fulle potensialet ein har til rådvelde. Det er kommunane som best kjenner lokale behov og som kan vekte ulike interesser opp mot kvarandre.
Høgre set no i gang eit arbeid med å styrke småbyar og tettstader, som eit ledd i ein betre, sterkare og meir målretta politikk for distrikta. Ved å ta i bruk ressursane vi har og moglegheitene som ligg i ny teknologi kan Vestlandet halde fram med å vere sentrum av verdiskapinga i Norge. I tillegg kan endå fleire statlege arbeidsplassar kan flyttast vestover og viktige næringar kan få enda betre rammevilkår.
Vestland Høgre vil:
- Styrke det kommunale sjølvstyret i plan- og arealsaker ved å redusere statlege og fylkeskommunale organ sine ansvarsområde i arealsaker, og overføre meir av dette til kommunane. Det bør gjennomførast eit pilotprosjekt for meir lokalt sjølvstyre på Vestlandet, der kommunen får ansvar for å forvalte staten og regionen sine interesser, der dei overordna myndigheitene ikkje har motsegnsrett, men kun uttalerett
- Halde fram med å slå saman kommunar for å bidra til betre tenester til innbyggjarane, auka kompetanse og breiare fagmiljø i kritiske samfunnsfunksjonar samt betre samfunnsutviklingsarbeidet
- Støtte opp om reiselivet som ei viktig næring, særleg for å sikre aktivitet og busetnad i distrikts-Norge.
- Halde fram med å gje støtte til grøne innovative næringar, auke verdiskapinga frå klimavennleg kraft og forsterke elektrifiseringa av transport og industri
- Jobbe for at Vestland skal vere pilotfylke i hydrogensatsinga, og at det skal etablerast ulike insentiv for å sikre auka etterspurnad av hydrogen
- Stimulere til meir forsking om bruk av havet som energikilde, for eksempel ved utnyttelse av tidevann og bølger, samt på kartlegging av havbunnsmineraler.
- Jobbe for at den planlagde batterifabrikken til Equinor, Panasonic og Hydro leggast til Vestland fylke.
- Jobbe for utflytting av fleire statlege arbeidsplassar til Vestlandet, som til dømes Språkrådet og GIEK/Eksportkreditt
- Sikre vidareutvikling innan havbruk og landbasert industri som bygger opp under vekst- og forbetringsarbeidet i desse næringane
- Fortsette arbeidet med å legge til rette for at jordbruk, skogbruk, frukt og grønt kan vidareutvikle seg som lønsame næringar med høgkvalitetsprodukt
- Jobbe for å etablere fleire pilotar av “Statens hus” for å sikre felles statlege forvaltningsmiljø i distrikta
- Halde fram satsinga på breibandutbygging
Trygt gjennom krisa
Det siste ein treng når samfunnet er ramma av krise, er nye løfter om auka skattar, meir byråkrati og dårlegare internasjonale avtaler. Skattetrykket i Norge er høgt, og Høgre meiner at det samla skattetrykket må ytterlegare reduserast for å sikre auka konkurransekraft.
Vi har framleis ikkje oversikt over dei fullstendige verknadane korona-pandemien vil ha på norsk økonomi og samfunnsliv. Det vi veit er at vi har ei stor oppgåve framfor oss når vi skal bygge opp samfunnet att etter at krisen er over. Samstundes skal vi ikkje tilbake til normalen. Koronakrisa er moglegheita til å bygge eit meir berekraftig Norge.
Europa er Norges største eksportmarknad. Erfaringane frå Brexit så langt viser at EØS-avtalen er avgjerande for næringslivet på Vestlandet. Fri flyt av folk, varer og tenester er naudsynt for å ha eit velfungerande samfunn for ein liten open økonomi som i Norge. EØS-samarbeidet har gjeve Norge rask tilgang på vaksiner og gjennom samarbeidet har vi både stilt opp for andre land ved behov og sjølv fått hjelp. EØS-avtalen sikrar norske studentar sine moglegheiter internasjonalt gjennom program som Erasmus og Horizon 2020.
Vestland Høgre vil:
- Slå ring om EØS-avtalen som den viktigaste avtalen for norsk næringsliv
- Jobbe for at Norge skal bli fullverdig medlem av EU
- Halde fram med å redusere skattar og avgifter i Norge, og jobbe for at formueskatten skal reduserast og fjernast på sikt.
- Senke avgiftene på grensehandelutsette næringar
- Gjennomgå velferdsstaten med sikte på å få ned dei offentlege utgiftene for å gjere velferdsstaten meir berekraftig
Vestland treng meir veg og samferdsle
Gode og trygge vegar er ein føresetnad for verdiskapinga i Vestland. Det er ikkje haldbart at innbyggjarane og næringslivet ikkje har trygge og gode vegar. Folk skal kunne komme seg raskt fram og trygt heim. Samfunnsøkonomisk lønnsemd er rettleiande for vegprosjekt, men skal ikkje vere einaste faktor ved avgjersle. Til tross for ei historisk satsing i Nasjonal Transportplan (NTP) dei siste sju åra – er det framleis eit stort etterslep på vegvedlikehald.
For mange vegar er utrygge, og det er framleis behov for omfattande rassikring på mange vestlandsvegar. Vi har 3000 kilometer med etterslep av vegane våre. Vestland fylke har mange riksvegar som er viktige rassikringsprosjekt som må bli prioritert.
Byvekstavtalene er heilt avgjerande for å sikre bygging av ein heilskapleg infrastruktur og god kollektivtrafikk i og rundt dei større byane i Norge. Bompengetrykket har nådd taket, og den statlege delen av prosjekta må opp dei kommande åra.
Vestland Høgre vil:
- Krevje at det blir sett av midlar til nye viktige samferdselsprosjekt for Vestland i kommande Nasjonal Transportplan (NTP).Igangsette prosjekt skal bli realisert og midlar må bli sett av til oppstart av nye prosjekt.
- Sikre framdrift på dei mange viktige rassikringsprosjekta i Vestland
- Ha konstruktiv og kritisk gjennomgang av store vegprosjekt på europavegar – og sikre gjennomføring av gode prosjekt, der til dømes vegbreidde kan bli redusert
- At rassikring og vegvedlikehald blir prioritert i regional transportplan (RTP) i Vestland fylke. Rassikring er viktig for livskvalitet og tryggleik
- Regjeringa si målretta satsing på utbetring av vegar langs kysten som er viktige næringsvegar bør halde fram
- Jobbe for auka statleg finansiering av byvekstavtalar
- Jobbe for fleire ferjeavløysingsprosjekt og betre innretning av ferjeavløysingsordninga for å sikre meir brubygging. Dette bør løysast ved at bompengar skal kunne nyttast til fullfinansieringa slik ein gjer i andre prosjekt, og med det kunne bli nytta til å betale fylkeskommunale renter i samband med låneopptak for prosjekta.
- Sikre eit tenleg og godt flytilbod på flyplassane i Vestland fylke, samt jobbe for et nasjonalt pilotprosjekt for elfly leggast til regionen.
- Legge til rette for at sjøtransport tek ein større del av transportbehovet ved aktiv utvikling av offentlege hamnefunksjonar
- Ha ei sterkare satsing på ladestasjonar for el-bilar
Kompetanse for framtidas Vestland
Utdanning er berebjelka i det norske samfunnet. Skal vi løyse klimakrisa, koronakrisa og sikre framtidig velferd treng vi kloke hovud. Det er for mange som fell frå i skulen, og det må bli sett inn målretta tiltak for å sikre at fleire fullfører utdanning. Å sikre at alle elever har dei grunnleggjande ferdigheitene gjennom tilpassa opplæring, at det finst fleire alternative utdanningsløp for skuletrøytte elevar og ei større satsing på psykisk helse er viktige tiltak.
Eit universitet er eit kvalitetsstempel som trekk til seg attraktive studentar, skapar nye fagmiljø og spennande utvikling. For utvikling i heile Vestland er det svært viktig med ein desentralisert høgare utdanningsstruktur. Eit breiare og styrka tilbod vil sikre at fleire utdannar seg lokalt, i tillegg til å forsyne næringslivet med kompetansen som blir etterspurt til ei kvar tid.
Vestland Høgre vil:
- Gje skulen og skuleeigarane betre verktøy for å få ned fråvær og fråfall gjennom heile utdanningsløpet.
- Halde fast på at skulens viktigaste oppgåve er å sikre at alle elevar har grunnleggjande ferdigheitar, gjennom tilpassa opplæring og tidleg innsats.
- Gjere det lettare å kombinere høgare utdanning med arbeid.
- Gjennomgå alle system, ytingar og insentiv som omhandlar unge utanfor, eller på veg ut av, arbeidslivet.
- Støtte opp om Høgskulen på Vestlandet si satsing på eit desentralisert høgare utdanningstilbod med institusjonar på Stord, i Sogndal og i Førde, og deira planar om å bli universitet.
- Sikre at eldre får fullgod opplæring i bruk av digitale verktøy.
- Sikre fagskulane gode rammevilkår for å kunne møte det store behovet for kvalifiserte fagarbeidarar i framtida