Skatten på regulerbar vannkraft må endres

Stortingsrepresentantane Liv KariEskeland (energi og miljøkomiteen) og Elin Agdestein (finanskomiteen), er klari sin tale – vi må no gjera ein jobb med å finne eit rett nivå på skatt forregulerbar vasskraft, som gjer at vi får utnytte det potensialet som ligg idenne ressursen. Dei er begge medlemmer av Høgres distriktsnettverk,og ser at dette også kan gje verdiskaping og aktivitet i distrikta.

Den reine, fornybar vasskrafta har vore grunnlaget for framveksten av det moderne Noreg, for etablering av industri som har skapt arbeidsplassar over heile landet og dermed lagt grunnlaget for velferda vår.

Kraftbransjen er med sine 20000 tilsette Noregs største fastlandsindustri, og og syt for kompetansearbeidsplassar over heile landet. Vasskrafta er unik, ho er regulerbar og fornybar. Ikkje minst viktig er det at verdiane som blir skapte i all hovudsak kjem attende til fellesskapet.

  • Skal vi lukkast med det grøne skiftet, er vi avhengig av å forvalte vasskrafta godt og utnytte denne ressursen best mogleg. Då må vi syte for at vi får lønsemd i oppgradering av eksisterande vasskraftanlegg som no er modne for renovering, seier Eskeland.

I følgje NVE kan utvidingar og modernisering av eksisterande vasskraftverk gi mellom 5 og 6 milliardar kilowattimar (TWh) meir straum. Det betyr opp mot 12 000 årsverk og 12 milliardar kroner i verdiskaping over ein tiårsperiode, og moglegheit for tre milliardar kroner i auka skatteinntekter.

  • For å få til det, trengst ei endring i skatteregimet slik at samfunnsnyttige prosjekt òg blir bedriftsøkonomisk lønsame, seier Agdestein.
  • Det er ei vinn-vinn-løysning og eit framtidsretta tiltak, når vi veit at vi skal elektrifisere Noreg både på land og på sokkelen. Vi treng meir grøn, fornybar energi. I dag er 50% av energimikset vårt fossil. Slik kan det ikkje vere i framtida, seier Eskeland.

Det er eit tidsvindauge no, fordi mange kraftselskap står i ein situasjon der dei skal gjere langsiktige investeringsavgjerder for anlegg som snart går ut på dato. Legger vi ikkje til rette med gode rammevilkår no, kan det gå 50 – 60 år til vi får moglegheita igjen.

  • For 50 – 60 år sidan vart fleire store vasskraftanlegg bygd ut rundt i landet. Mange av desse er no modne for utskiftning. Vi fryktar at vi gjer eit stort feilgrep dersom vi som politikarar ikkje syt for at dei nødvendige rammevilkåra er tilstade for å gjere dei nødvendige investeringane. Skattevilkåra må gjere det lønsamt å oppgradere og utvide eksisterande vasskraftanlegg, seier Agdestein.
  • Vi jobbar difor no opp mot regjeringa slik at ein i statsbudsjettet 2020 vonleg kan kome opp med ei løysing som gjer at vi får maksimalt ut av anlegga som no skal renoverast. På den måten kan vi produsere meir grøn, fornybar vasskraft, legge til rette for fleire arbeidsplassar i distrikta, og tilføre fleire verdiar til fellesskapet, avsluttar dei to stortingspolitikarane som begge er frå dei store kraftfylka Vestland og Trøndelag.