Utan Hordfast splitter vi Vestlandet i to

Ferjefri E39 skal samle Vestlandet, og sikra utvikling og vekst for å stå opp mot Oslodominansen. Utan Hordfast deler me Vestlandet i to.

I Vestland fylkeskommune er me tverrpolitisk samde om at me må stå saman for å få realisert dei viktigaste vegprosjekta våre. I Bergen er strategien å strupa eigne vegprosjekt, og med det spela lotto om kvar midlane hamnar. Det er ein særs dårleg strategi.

For å unnskylda eige svik mot Sunnhordland og Vestlandet, prøver byrådet i Bergen å teikna eit bilete av at dersom me skrotar Hordfast, så får me meir pengar til andre prosjekt. Det er direkte feil. Det er ikkje slik at regjeringa automatisk kan flytta 46 milliardar frå Hordfast over til rassikring eller E16. Av desse 46 milliardane skal prosjektet finansierast med 15 milliardar i bompengar, 8 milliardar i innsparte ferjemidlar, og 9 milliardar i mva, som staten får igjen. Det er derfor totalt 14 milliardar kroner staten må bruka til å finansiera prosjektet. Det er i beste fall naivt å tru at dersom Vestland sjølv skrotar Hordfast, så får me meir til andre vegprosjekt.

Er det noko det siste året har vist er det at me har ei regjering som aktivt nedprioriterer Vestlandet. Dersom me på eige initiativ skrotar våre eigne samferdselsprosjekt, er det ei rekkje andre fylke som gledeleg tek imot desse pengane til vegprosjekta sine. Pengane er med andre ord ikkje bunde til Vestlandet, men forsvinn like gjerne til Oslo-regionen om me takkar nei.

Snart står Rogfast ferdig. Eit prosjekt som knyter heile Sunnhordland mot Haugesund og Stavanger, og som saman med Hordfast gjev ei reisetid mellom Bergen og Stavanger til ned mot to timar. Utan Hordfast skapar me ein skiljevegg mellom nord- og sørdelen av gamle Hordaland. Med det fråskriv me oss høvet til å sikra ein felles bu- og arbeidsregion for Vestlandet, og gir samtidig Rogaland ein enorm fordel ved å stå åleine med gode infrastruktur-samband regionalt. Det vil ramma Vestland hardt, både med tanke på tilgang til arbeidskraft, og ved at me gjer oss sjølv mindre attraktive for nyetableringar for næringslivet.

Vestlandet har stått saman om ferjefri E39 i over 20 år. Prosjektet er viktig for å kunna stå opp mot austlandsdominansen der midlane alltid har vore prioritert. Me på Vestlandet må jobba saman for at regjeringa skal løyva meir pengar til regionen vår, ikkje mindre.

Heldigvis er det tverrpolitisk semje om å jobba for Hordfast i fylkespolitikken. La oss håpa regjeringa lyttar til det samla fleirtalet i Vestland, og ikkje til Arbeidarpartiet i Bergen eller dei partia som vil skrote heile prosjektet.