Vestland kan bli ein leiande region i Europa

Med ei ny østlandstung regjering, må vi i Vestland stille strenge krav til kva dei prioriterar dei neste fire åra. Her er Vestland Høgres forventningar til den nye regjeringa.

Det er no lysare tider i sikte, sjølv om pandemien har sett spora sine. Ein heilt formidabel innsats både frå den avgåtte Solberg-regjeringa, helsevesenet og resten av befolkninga, har bidratt til at vi er betre stilt enn mange av nabolanda våre. At Vestland reiser seg igjen er viktig for landet, og vi i Høgre skal fortsetja med å gjera det så enkelt som mogleg.

Den nye regjeringa har lova mykje dei siste åtte åra. Dei har lova meir pengar til nesten alle politiske prosjekt som eksisterer, det vera samferdsel, klimapolitikk eller desentralisering. Vestland Høgre har derfor høge forventningar til kva denne regjeringa skal gi oss i Vestland.

Samtidig ser vi at heile 10 av 19 statsrådar i Støre-regjeringa kjem frå Austlandet. Vestlandet er berre representert ved 2 statsrådar. Det gjer at vi i Vestland Høgre har eit viktig ansvar for å minna regjeringa på kva som er viktig for oss som bur på Vestlandet.

Vestland er godt rigga for å nå målet om å bli Europas leiande region for innovasjon, forsking og utdanning mellom anna knytt til havnæringane. Den solide kunnskapen vår og sterke næringsklynger skal bidra til vekst og utvikling. Vestlandet er kombinasjonen av sterke distrikt med naturresursar, og bysenter med sterke utdannings- og forskingsmiljø. Vi har svært gode føresetnader for å lykkast.

Sterke lokalsamfunn med desentralisert og fleksibel utdanning

Vestland har mange fortrinn. Dei må utnyttast betre. Vi har bedrifter som er internasjonalt leiande på det dei leverer. Framover etterspør næringslivet meir kompetent arbeidskraft. Det gjer at vi må utdanna fleire fagarbeidarar som er kan levera kunnskapen som næringslivet etterspør. Då er det svært viktig at vi styrker fagskulen, og sikrar desentralisert og fleksibel utdanning.

Den førre regjeringa har hatt ei historisk satsing på nettopp desentralisert utdanning. Dette sikrar sterkare fagmiljøer som igjen bidrar både til at næringar veks og til at innbyggarane får betre og meir tilpassa tenester. Dette er òg viktig for å bidra til innovasjon, nyskapning og nyetableringer i næringslivet. Av alle verdikjeder som vi i Norge skal leva av framover, har Vestland naturlege konkurransefortrinn i dei fleste.  Vi må legga til rette for framleis vekst og utvikling i desse viktige næringane.

Vestland Høgre forventar at:

  • den nye regjeringa må vidareføra den storstilte satsinga på desentralisert og fleksibel utdanning
  • regjeringa fortset å jobba for Vestlandslegen
  • regjeringa fortset å styrka dei lokale regionsentera våre, som er heilt avgjerande for å ha gode og attraktive lokalsamfunn
  • regjeringa legg til rette for vekst og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringa, og sterkt avgrensar krav og reguleringar
  • regjeringa held oppe same trykk på utflytting av arbeidsplassar til distrikta som den førre regjeringa
  • regjeringa legg til rette for at Vestland styrker sin posisjon som det mest attraktive reisemålet i Norge
  • det vert lagt til rette for auka produksjon av vasskraft

Energiproduksjon

Vestlandet består av høge fjell, djupe fjordar og store havområde. Vi har naturressursane som gjer oss verdsleiande på produksjon av fornybar energi. Samtidig leverer vi gass som på bekostning av kullindustrien, bidrar til å redusera klimagassutslepp i heile verda. Olje- og gassnæringa er Norges viktigaste næring, og vil òg vera det i framtida. Vi må legga til rette for meir energiproduksjon, både av fornybar energi, men også innanfor olje- og gassektoren.

Vestland Høgre forventar at:

  • regjeringa sikrar eit velfungerande straumnett for å møta linjebehovet i framtida
  • dei prioriterer nye grøne næringar som skaper vekst og arbeidsplassar på Vestlandet
  • regjeringa sikrar forutsigbarheit for olje- og gassnæringa mellom anna ved å gjera tilgjengeleg fleire leteareal
  • regjeringa etterstreber å bli Europas største leverandør av gass som erstatning for kol
Agricultural area Byneset located near the Norwegian city Trondheim during summer sunset

Det grøne skiftet

Vestlandet er hovudsenteret for det grøne skiftet i Norge. Bedriftene våre er verdsleiande på framtidsretta teknologi som kan løysa framtidas utfordringar. Vestland Høgre er opptatt av at dei grøne næringane får fleire incentiver for å investera meir, og at det blir lettare å etablera nye grøne bedrifter. Då treng vi mindre skattar og avgifter, ikkje meir. Samtidig kan vi ikkje innføra fleire krav og reguleringar som gjer det vanskeleg for bedriftene å veksa. Vi må ha tillit til at bedriftseigarane finn dei beste løysingane for å løysa utfordringane vi står overfor, og å lykkast i arbeidet sitt.

Vestland Høgre forventar at:

  • regjeringa prioriterer middel til, og fortset satsinga på karbonfangst- og lagring
  • regjeringa vidarefører den historiske hydrogensatsinga som den førre regjeringa sat i gong
  • regjeringa ikkje aukar skattane og avgiftene slik at det blir vanskelegare å etablera seg, og investera i grøne næringar på Vestlandet

Europeisk samarbeid

Vestland Høgre støttar eit norsk EU-medlemskap, og vi meiner dagens EØS-avtale er grunnleggande viktig for landet. EØS-avtalen har tent Norge godt på mange område. Avtalen sikrar Norge viktig arbeidskraft, og gir oss tilgang på ein internasjonal marknad som næringslivet vårt er heilt avhengig av.

Vestland Høgre er bekymra for at potensielle utgreiingar om EØS-avtalen, slik Senterpartiet har varsla, vil skapa uforutsigbarheit for næringslivet og internasjonale samarbeidspartnarar. Vi er derfor tydelege på at regjeringa må sikra EØS-avtalen, slik det er eit breitt politisk fleirtal for på Stortinget.

Vestland Høgre forventar at:

  • EØS-avtalen ligg fast
  • regjeringa vil føra ein aktiv europapolitikk og forsvara EØS-avtalen
  • regjeringa vil sørga for eit nærast mogleg forhold til Storbritannia utanfor EU
  • Norge følgjer opp internasjonale forpliktingar, og tar eit internasjonalt ansvar innanfor viktige saksområde
  • vi får meir internasjonalt samarbeid dei neste fire åra. Forpliktande mellomstatleg samarbeid er det einaste som kan løysa globale utfordringar.

Samferdsel

Dei siste åtte åra har den nye regjeringa lova store summar til samferdselsprosjekt og rassikring på Vestlandet. Vestland Høgre har derfor skyhøge forventningar til kva regjeringa vil levera for Vestlandet.

Vestland Høgre forventar at:

  • den nye regjeringa som eit minimum følgjer opp den ambisiøse satsinga til den førre regjeringa på fylkesvegane og ferjeavløysing
  • det blir løyvd meir til ras- og tunnelsikring i Vestland
  • viktige samferdselsprosjekt på Vestlandet ikkje blir kansellert, utsett eller nedskalert