Yrkesfag er framtida!
Arbeiderpartiet og LO spreiar løgner om ei av Høgre sine viktigaste satsingar.
Arbeiderpartiet har ei mørk historie når det gjeld yrkesfag. Etter å ikkje ha løfta ein finger for yrkesfaga starta oppvasken i 2013. Høgre har i løpet av denne tida satsa og styrka yrkesfaga. Kvart. Einaste. År.
Dersom det er ein ting vi veit om framtidas arbeidsliv, så er det at vi treng fagarbeidarar. Det er ikkje akademikarar som skal ta vare på framtidas eldre, skape framtidas byar eller bygge nye båtar. Difor er det så bra at rekordmange no vel yrkesfag. Men yrkesfag kan bli endå betre, og det er spesielt to ting vi må gjere for å få til det.
For det første vil Høgre ha meir praksis og mindre teori. Skal du jobbe som elektrikar, så er det viktigare at du kan faget ditt enn at du kan analysere dikt. Endå fleire av dei som går yrkesfag bør difor også få moglegheit til å ta utdanninga i ei bedrift.
For det andre må vi sørge for fleire lærlingplassar. Arbeiderpartiet og LO trur at dei berre kan vedta på Stortinget at det blir fleire lærlingplassar, og så at dei dukkar opp av seg sjølv. Det er litt som å tru at ein kan vedta at det aldri meir skal regne i Bergen; alle veit at det ikkje kjem til å skje. Difor må ein gjere det meir lønsamt for bedrifter å tilsette lærlingar. Lærlingtilskot har auka med 55 000 kroner med Høgre i regjering, og no går vi til val på å auke det ytterlegare.
Eit anna viktig tiltak er fullføringsreforma som regjeringa nyleg fekk fleirtal for. Denne vil gjere det enklare, og legge betre til rette for å utdanne framtidas arbeidsplassar. Det vert innført ein rett til å fullføre, rett til å ta nytt fagbrev i tillegg til nye tiltak for fleire læreplassar.
Sjølv om over halvparten av elevane no søkjer seg til yrkesfag, er det framleis nødvendig å få fleire unge til å velje yrkesfag. For å få til dette skal yrkesfag gjerast meir relevant for ungdommane. Vi går til val på å tilby yrkesfagleg valfag i ungdomsskulen og fleire profilskular. Desse nye tiltaka tidlegare i skuleløpet skal gje fleire elevar gode opplevingar og smaken på yrkesfag. Vi vil også gjere yrkesfaga meir attraktive ved å tilpasse yrkesfaga til næringslivet sine behov, sørge for at elevane møter meir moderne og oppdatert utstyr i skulen, samt auke kompetansen til lærarane på yrkesfag. Høgre har store ambisjonar for yrkesfag, og historia har vist at vi evnar å gjere noko med det i motsetnad til Arbeiderpartiet.
Høgre vil ha verdas beste skule. Ein skule som gjev like moglegheiter uavhengig av kven du er, kor du kjem frå eller kva du heiter. Tida vil aldri bli moden for Arbeiderpartiet sin skulepolitikk. For ingen elevar vil nokon gang passe tvangstrøya til venstresida, alle er ulike. Det er tid for at Arbeiderpartiet og LO tek av seg dei ideologiske skylappane sine og startar å anerkjenne den enorme satsinga denne regjeringa har stått for. Når dei har gjort det er dei hjarteleg velkomne til å samarbeide om å gjere det endå betre.
Elias R. Eide, ungdomskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane valkrets
Lise-May Sæle, ungdomskandidat for Høgre i Hordaland valkrets