Innspillsmøte om regjeringens strategi for småbyer og tettsteder

torsdag 25. februar 2021

17:37

Regjeringa vidareutviklar distriktspolitikken med tre nye strategiar: Ein for småbyar og tettstader, ein for kysten samt ein for fjell og innland.No vil vi invitere til eit innspelsmøte kor vi særleg tek for oss småbyane og tettstadane våre.

Detaljer

Arrangement dato
tor 25. februar 2021 fra 17:37

Informasjon

Levande og attraktive småbyar og tettstader
kan bidra til vekst og utvikling i heile regionen dei ligg i. Dette gjeld ikkje minst i Sogn og Fjordane, kor vi har fleire småbyar og tettstader,
men ikkje nokon storby. Småbyane og tettstadane våre gir oss spennande og interessante arbeidsplassar, fagmiljø, utdanningstilbod,
breiare vareutval og tenester av alle slag, og eit stort og variert kulturtilbod Velfungerande småbyar og tettstader er òg eit godt
utgangspunkt for å gjere heile regionen meir attraktiv, og er ein viktig samarbeidspartner for distrikta rundt.
Ein ny strategi frå Regjeringa skal bidra til å styrke småbyar og tettstader som attraktive kraftsenter i regionen.
Målet er at dei skal bidra til vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftig utvikling i heile landet.https://www.regjeringen.no/…/strategi-for…/id2826699/Bidra med dine innspel til Regjeringa sin strategiar i eit digitalt innspelsmøte
Bli med på møte med stortingskandidatane Olve Grotle og Sven Flo samt gje dine innspel, eller berre for å følgje med.