10 ting Olve vil gjera for deg på Stortinget

1BYGGE BETRE VEG

Vegane i Sogn og Fjordane treng eit løft. Samferdselspolitikken er det aller kraftigaste verkemiddelet vi har for å skapa vekst og utvikling i heile regionen vår. Vi må derfor bygga by og bygd tettare saman, redusera avstandane mellom folk og sørga for at varer og tenester kjem fortare fram.

2FÅ NED BEHANDLINGSKØANE

Vi treng raskare behandling og kortare ventetider for pasientane. Det er nødvendig for å skapa helsetenesta til pasienten. Vi vil at den gjennomsnittlege ventetida ikkje skal vera lenger enn 50 dagar. For psykisk helsevern for vaksne, og for barn og unge i rusbehandling, er målet endå lågare, høvesvis på 40, 35 og 30 dagar. 

3SENKA SKATTANE FOR BEDRIFTENE

Skattane for næringslivet er for høge i Noreg i dag. Det gjer det vanskelegare å etablera seg i Noreg, og mange blir tvinga ut av landet. Høgre vil fjerna formuesskatten på arbeidande kapital for å gjera det lettare å skapa arbeidsplassar i Noreg.

4GJERA UNDERVISNINGA MEIR RELEVANT

Vi må i større grad involvera arbeids- og næringslivet i både den praktiske og teoretiske undervisninga. På den måten vil elevane oppleva at undervisninga blir meir relevant og nyttig i møte med arbeidslivet.

5LA DEI ELDRE VELJA SJØLV

Dei eldre fortener valfridom, tryggleik og nærleik på sjukeheimen. Vi må sikra at dei eldre kan velja sjølv der dei skal få bu, og at kvardagen opplevast trygg. Då treng vi fritt brukarvalg og gode sjukeheimar som set bebuarane først.

6FÅ FLEIRE I JOBB

Korona-krisa har snudd Noreg på hovudet. Vi gjekk frå ei rekordlåg arbeidsløyse og gode tider i norsk økonomi, til den høgaste løysa sidan krigen på berre eit par veker. Samtidig stod det altfor mange utanfor arbeidslivet, allereie før pandemien. No må vi setja i gang ein inkluderingsdugnad og med ein politikk som legg til rette for økonomisk vekst for bedriftene våre.

7SIKRE VESTLANDSLEGEN

For oss som bur i Sogn og Fjordane er det avgjerande å få gode helsetenester i framtida, anten dette skjer på sjukehusa, i kommunehelsetenestene eller andre plassar. Ved å få dei fremtidige legene til å bu og studere i Sogn og Fjordane vil det gi den høgare (helse-)utdanninga vår eit gigantisk løft, med positive verknader på ressurstilgang, satsing og styrking av lærarkompetanse og forskingsmiljø, styrke omdømme og styrke student-rekrutteringa.

8GJER YRKESFAG MEIR ATTRAKTIVT

Vi veit at vi vil trenga fleire fagarbeidarar i åra framover. Høgre vil derfor gjera det meir attraktivt for unge å velja yrkesfag. Dette gjer vi ved å heva kvaliteten i utdanningstilbodet. Det må i tillegg bli lettare å byta frå eit studieførebuande til eit yrkesfaglig utdanningsprogram.

9STYRKE DISTRIKTA

Vi må spre offentlege kompetansearbeidsplassar over heile landet, også utanfor dei største byane. Samtidig må vi bygga meir veg, styrka skulane i distrikta og sørga for at dei kommunale tilboda er gode. Det må bli meir attraktivt å bu i distrikta.

10 STYRKE FORSVARET

Sidan 2013 har Høgre i regjering auka forsvarsbudsjettet frå 43 milliardar kroner til nærare 65 milliardar kroner. Høgre vil styrka Forsvaret med 6200 fleire soldatar og befal dei neste åra, og auka forsvarsbudsjettet med fleire milliardar kvart år dei neste åtte åra.