Stortingskandidatene i Sogn og Fjordane
11.kandidat, Olve Grotle
Olve Grotle, 58 år og kjem frå Bremanger. Dei siste åra har eg hatt æra av å vore ordførar i Sunnfjord. Eg er opprinneleg utdanna jurist ved Universitetet i Bergen. I år har eg fått tillit til å være Høgres 1.kandidat i Sogn og Fjordane.
Dersom eg kjem på Stortinget vil eg jobbe for å sette Sogn og Fjordane på kartet, få fleire til å ville flytte heim slik at vi kan skape meir og inkludere fleire.
Hjartesakar:
- Skape meir og inkludere fleire
- Bygge betre veg
- Sikre vestlandslegen
2.kandidat, Sven Flo
Sven Flo, 58 år og kjem frå Stryn. Eg er 2.kandidat for Sogn og Fjordane valdistrikt. Eg er utdanna offiser frå Forsvaret, og har hatt det som arbeidsplass mesteparten av mitt yrkesaktive liv. Er og utdanna Flyingeniør. Eg har også vore ordførar i Stryn frå 2011 til 2019. Eg engasjerer meg i sakar som samferdsel, forsvarspolitikk og det å skape arbeidsplassar.
Hjertesakar:
- Sikre EØS-avtalen
- Bygge meir og betre veg
- Skape fleire arbeidsplassar
3.kandidat, Elisabeth Hatlenes
Elisabeth Hatlenes, 41 år frå Davik. Dei 6 siste åra har ho vore lokalpolitikar i Bremanger kommune. Ho arbeider som realfagslærar på barne og ungdomsskule og trivast svært godt.
Som lærar og småbarnsmor er ho opptatt av eit samfunn som legg til rette for fleksible ordningar. Det er viktig at ein ser mennesket framfor systemet og ikkje omvendt.
Hjartesaker:
- Utvikle og styrke fag- og yrkesutdanning
- Kunnskapsskulen
- Eit trygt og fleksibelt yrkesliv
4.kandidat, Elias Eide
Elias Eide, 19 år og kjem fra Jølster. Eg er ungdomskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane. Eg brenn for å skape eit samfunn kor det er lov å lykkast, og kor det er lett å skape arbeidsplassar.
Hjartesaker:
- Ein god skule kor kunnskap settast først
- Eit sterkt næringsliv
- Meir valfridom, mindre statlige reguleringar
5.kandidat, Beate Dybendal Nordvik
Beate Dybendal Nordvik, 48 år og er tilflyttar til Trivselsfylket. Har budd i Gloppen i 11 år og er i dag gruppeleiar for Gloppen Høgre. Eg er mellom anna utdanna samfunnsplanleggar frå Høgskulen i Volda, og jobbar til dagleg med kraftforvaltning for småkraftprodusentar. Fleire bedrifter i Sogn og Fjordane opplever utfordringar knytt til rekrutering. Ei viktig oppgåve framover er å jobbe for at fleire vil flytte til Trivselsfylket.
Hjartesakar:
- Energipolitikk
- Tilhøva for frivillege lag og organisasjonar
- Skape meir og inkludere fleire
6.kandidat, Geir Arve Sandvik
55 år busett i Luster sidan 1985, fødd og oppvaksen i Årdal. Er gruppeleiar for Høgre i kommunestyret og medlem i Formannskapet på fjerde periode. Er kjøpmann i tredje generasjon og driv 9 skobutikkar i Vestland og Hallingdal/Valdres. Jobbar elles med fleire styreverv innan kraft og handel.
Er oppteken av regional utvikling og samarbeid mellom kommunar (helst kommunesamanslåing) for å stimulere til næringsutvikling i ein større arbeidsmarknad.
Hjertesaker:
- Regional utvikling og vekst
- Gode rammevilkår for næringslivet
- Skape meir og innkludere fleire
- Kunnskap i skulen
7.kandidat, Bjørn Hollevik
Bjørn Hollevik, 64 år, pappa til to døtre og besten til ei lita frøken, og florøværing. Politisk arbeid tidlegare som kommunepolitikar i Flora, fylkestingsmedlem i Sogn og Fjordane og første vara til Stortinget. Utdanninga mi har eg frå Bergen ved UIB og NHH. Eg har arbeidserfaring frå engroshandel og eigedomsutvikling.
Som mangeårig aktiv deltakar i næringsforeiningar og utviklingsselskap i fylket ,ser eg utfordringa verksemdene i regionen har: Ikkje mangel på arbeid, men mangel på arbeidskraft med rett kompetanse. Dette har hatt mitt største fokus både som tidlegare medlem i yrkesopplæringsnemnda og no som styremedlem i Fagskulen i Sogn og Fjordane.
Hjertesaker:
- Yrkesutdanning og jobbskaping
- Gode samferdsleløysingar på veg og sjø og i lufta
8.kandidat, Solfrid Fossberg
Solfrid Fossberg, pensjonist og medlem i Sogndal Høgre. Eg har vore aktiv i Høgre heilt sida 1991, og er nå stortingskandidat for Sogn og Fjordane Høgre.
Hjartesaker:
- God eldrepolitikk
- Skape meir og inkludere fleire
- Betre veg
9.kandidat, Anne Lilleaasen
Anne Lilleaasen, 56 år, tilflyttet for 24 år siden. Utdanna innen økonomi og ledelse frå Handelshøyskolen BI. Arbeider som seniorrådgjever i Helse Førde og er gruppe- og lokallagsleiar i Sunnfjord Høgre. Lokal verdiskaping, arbeidsplasser og gode tenester er det viktigaste for tilflytting og bosetting i distrikta.
Hjartesaker:
- Tidlig innsats i barnehage og skule
- Valfridom i eldreomsorgen
- Samferdsel og kommunikasjon
10.kandidat, Arlene Vågane
Arlene Vågene, 46 år. Eg kjem frå Florø. Jobber som lærar ved sidan av lokalpolitikken. Eg er gruppeleiar i Kinn høgre, og leiar Helse, sosial og velferdsutvalet i Kinn kommune.
God næringspolitikk er god distriktspolitikk. Skal vi få folk til å bu i distriktet, må vi tilby attraktive jobbar. Eg trur folk skal få bestemme i eige liv- heile livet, derfor er valfrihet viktig for meg.
Hjartesaker:
- Rask og god helsehjelp når du treng det- heile livet.
- Ein god skule og ein god oppvekst for barn og unge
- Et sterkt og godt næringsliv