Ny Glomma-kryssing - Kjartan Berlands landsmøteinnlegg 2019

Kjartan Berland

Ny Glomma-kryssing i Fetsund er eit riksvegprosjekt. Prosjektet vil ha store positive ringverknader for heile regionen. Det handlar om å koma raskare fram og tryggare heim.


Det har aldri blitt bygd så mange nye vegar som under denne regjeringa.

Nasjonal transportplan sikrar oss ei stor satsing på nye vegprosjekt. Og med dei same fire partia i regjering, som stod bak fleirtalet om Nasjonal transportplan i 2017, vil dette bety solid gjennomføring når planlagde prosjekt no skal realiserast.

Bompengar må til for å klara dei store investeringane innan samferdselssektoren. Me ynskjer eit lågast nivå på lokal brukarbetaling i form av bompengar. Me må innsjå at eit  spleiselag mellom stat og kommunar, gjennom bompengeløysing, er avgjerande for å få til planlagde vegprosjekt som Stortinget har sagt ja til i Nasjonal transportplan.

Nye Lillestrøm kommune blir frå neste år ein realitet. Dette blir landets 9. største kommune med 88.000 innbyggarar. Kommunen blir eit kraftsenter i utviklinga på Romerike og er i dag ein viktig vekstregion i hovedstadsområdet. Det er store behov for utbygging av veg og kollektivløysingar i regionen. Riksveg 22 med ny Glomma-kryssing i Fetsund er inne i Nasjonal transportplan. Her er det planlagt ny 4-felts bru over Glomma. Eit prosjekt som har blitt diskutert og jobba med i over 20 år.

Ny Glomma-kryssing i Fetsund er eit riksvegprosjekt. Prosjektet vil ha store positive ringverknader for heile regionen. Det handlar om å koma raskare fram og tryggare heim.

Det blir no viktig at me klarar å få til eit godt samspel mellom kommune, region og stat, som sikrar framdrift og finansiering av prosjekt ny Glomma-kryssing. Vedtaket frå Nasjonal transportplan forpliktar med mogeleg byggestart i 2024 og ferdigstillelse i 2027. I desse dagar seier ein lokalt gjennom kommunestyrebehandling ja til delvis finansiering med bompengar. No er det viktig at regjering og Stortinget fylgjer opp med finansiering og detaljprosjektering som sikrar realisering av riksveg 22 med ny bruløysing over Glomma i Fetsund.