Den tredje flyttemeldinga

Me skulle sørgd for at det var mykje betre kjent at den siste utflyttinga av kommunehuset skulle avgjerast 17. mars. Det er nok likevel ikkje slik at saka er så kontroversiell som det kan verke som. Dette er det tredje vedtaket om å flytte tilsette frå kommunehuset. Dei to føregåande blei gjort i førre periode.

Av Morten Storebø, ordførar, og Anja Heggholmen (Ap), varaordførar

Flytting av tilsette frå kommunehuset starta for halvtanna år sidan. Ei handfull tilsette fekk arbeidstilhøva dei trengte då brannstasjonen i Porsdalen stod ferdig. I førre valperiode bestemte òg kommunestyret at det skulle byggast nytt helsehus. På nyåret 2017 flyttar derfor over halvparten av dei tilsette frå kommunehuset til eit tenleg og svært kjærkome nybygg ved Storebø-portalen. Skjebnen til kommunehuset blei forsegla då desse to utflyttingane blei bestemt. 17. mars i år tok kommunestyret den tredje og siste avgjerda. Då bestemte me at siste rest av dei tllsette, ordførar, rådmann og kommunestyresalen skal flyttast òg.

Hovudgrunnen for denne flukta frå kommunehuset — anten det er til brannstasjonen eller helsehuset — er den same grunnen til at me altså bestemte å flytte ut resten av dei 36 kommunetilsette. Kommunehuset er verken eit godt nok bygg å jobbe, eller å ta imot innbyggjarar i.

Austevoll kommunestyre er førelagt ei skildring av tilstanden på bygget. Linje for linje, side for side er det framvist vesentlege og alvorlege manglar. I tillegg må kommunehuset bli universelt utforma. Du kjem deg verken til kommunestyresalen, galleriet, ordførarkontoret, rådmannen eller kommunalsjefar om beina, rullatoren eller rullestolen blir hindra av trappene i kommunehuset.
(Her kan du laste ned tilstandsrapporten for kommunehuset.)

Å utbetre kommunehuset er eit omfattande stykke arbeid, og kostnadsrekna til 25 millionar kroner. I tillegg må det i byggeperioden brukast ein ikkje ubetydeleg sum pengar til leige av mellombelse kontorlokalitetar eller -brakker.

I debatten i kommunestyret, og i etterkant av vedtaket, har det blitt etterlyst heilskaplege planar og prosessar. Det kan derfor vere rimeleg å minne om at avgjerdene om å flytte ut over halvparten av dei tilsette faktisk er gjort for lenge sidan. Det som blei gjort no var å avgjere at resten av flokken òg skal få nye kontor, møterom, toalett og besøksfasilitetar.

Me vedkjenner oss at saka ikkje var godt nok kjent overfor innbyggjarane. Det beklagar me. Me skal sørge for at saker av denne storleiken, som eit minimum, er gjenstand for behandling i utval og formannskap. Som politikarar og kommune må og skal me bli betre til å fortelje innbyggjarane kva saker me har til behandling. Eit konkret tiltak for å oppnå dette, og som me ønsker å prøve ut, er ordningar med lokale høyringar på saker som har særleg stor samfunnsinteresse. I desse bygdahøyringane skal det vere enkelt for folk å kome med synspunkta og meiningane sine.

Me veit samstundes at diskusjonen om utflytting frå kommunehuset starta for lenge sidan. I førre periode blei kommunehuset taksert, med tanke på anten sal eller makeskifte. Dei to andre utflyttingsvedtaka i same periode kravde òg at me i det nye kommunestyret måtte ta stilling til kva som skulle skje med resten av arbeidsplassane på huset.

Vedtak i kommunestyret i desember i fjor la grunnlaget for mars-avgjerda. I investeringsplanen blei det avsett pengar til føremålet. Fleirtalet i kommunestyret, Ap og Høgre, bad om å få vurdert både rehabilitering av eksisterande bygg, og flytting til nye lokaler. Rådmannen har jobba godt sidan den gong, og kunne altså legge fram saksutgreiing og tilrådinga si for kommunestyret i mars.
(Her kan du laste ned rådmannens saksutgreiing og tilråding.)

Me har vurdert mange omsyn før me bestemte oss i denne saka. Blant anna kva rolle dei kommunale verksemdene skal ha i utviklinga av sentrum av Storebø. Om flyttinga vil gå på kostnad av symbolverdiane som eit eige, frittståande kommunehus har for kommunen.

For saka har unekteleg sentimentale sider, og det er vemodig å flytte ut av bygget. Då det stod ferdig på 1960-talet markerte det inngangen til ein ny tidsepoke for eit sameint og moderne Austevoll. Det er samstundes viktig at desse argumenta ikkje overdøyver debatten.

Ap og Høgre har vurdert at fordelane ved å flytte er mykje større enn ulempene. Vedtaket er økonomisk fornuftig. Kjøpesummen er dryge 21 millionar kroner, i tråd med pengesummen som er avsett i budsjett. Utgifter til leige av delar av 2. etasje, og felleskostnader, er i storleiksorden 400.000 kroner i året. Dette sikrar òg at dette bygget blir halde ved like.

Vedtaket gjer at dei kommunale tenestene ikkje blir så spreidde som det låg an til. Kommuneadministrasjonen blir nabo med det nye helsehuset. Det er enkelt for innbyggjarane å forhalde seg til, og det er bra for dei tilsette.

Me frigjer samstundes heile kommunehustomta. Særleg øvre del av tomta kan haldast av til uteområde og framtidig utbygging av Storebø skule. Sentrumsplanen er i gang, og i dette arbeidet er det viktig å få innspel frå innbyggjarar, næringsliv og lag og organisasjonar om kva idear og ønske dei har for området.

Dei to aller viktigaste argumenta er likevel desse:
Alle dei tilsette på kommunehuset får no skikkelege, ventilerte, moderne og tenelege arbeidsforhold.
Det nye kommunehuset er universelt utforma. Akkurat på dette punktet er dagens kommunehus eit sørgeleg kapittel. No sørger me for at kommuneadministrasjonen blir tilgjengeleg for alle, uavhengig av funksjonsevne.

I alle saker må politikarane vekte argumenta som talar for og imot ei sak. Det gjorde me òg i denne saka. Me meiner det er ei klar overvekt av positive argument for å flytte resten av dei tilsette ut av kommunehuset, skaffe oss lokalitetar som alle har tilgong til, med gode arbeidstilhøve for dei tilsette. Det er òg på det reine at vedtaket er det mest økonomisk forsvarlege, samstundes som me har fått avklart at kommunehustomta kan brukast til andre gode føremål.

Dette er ei viktig sak, og me meiner me har fatta vedtaket som er til det beste for innbyggjarane i kommunen, og dei tilsette på kommunehuset.

Innlegget stod på trykk i lokalavisa Marsteinen 7. april 2016.