Arbeidet med Austevollpakken er i gang

Me er godt i gang med å planlegge Austevollpakken. Samferdsleutgreiinga er truleg klar i løpet av 2018. I utgreiinga blir det gjort vurderingar av vegstrekningar, kva utbetringar som må gjerast og kva det vil koste, og finansieringsalternativ vil bli drøfta.

Utgreiinga vil legge grunnlaget for arbeid som må gjerast vidare, og avgjerder som må takast både i kommunen, i fylkeskommunen, direktorat, regjering og på Stortinget.

Mykje av vegnettet i Austevoll er eit sorgens kapittel. Altfor lite er forbetra sidan vegane blei bygde. Det som i mellomtida har skjedd er at folketalet har auka, talet på bilar har auka, næringstrafikken har auka, og talet på skulebarn, ungdom og vaksne som står og går langs vegane har auka.

Det finst likevel og heldigvis nokre viktige lyspunkt. Bruene, som har knytt kommunen saman og gjort transport internt i kommunen uendeleg mykje lettare. Dessutan er bruvegane er fortsatt gode vegar.

Samferdsel har alltid vore ei viktig sak for Høgre. I valprogrammet til Austevoll Høgre står det:

«Austevoll Høgre vil sette i gang arbeidet med å utbetre vegnettet internt, og vil byrje med dei viktigaste vegstrekningane. Saman med fylkeskommunen som vegeigar skal Austevoll kommune starte det omfattande arbeidet med å ruste opp vegane i kommunen.»

Samarbeidspartiet vårt, Austevoll Arbeidarpartiet, har også vegutbetring høgt på dagsordenen. Ikkje overraskande har derfor samarbeidspartia Høgre og Arbeidarpartiet forplikta seg til å starte arbeidet med vegutbetring.

Og me er i gang.

Fram mot kommunestyrets møte i desember 2016 blei me samde med Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen om å jobbe fram ein vegutbetringspakke for Austevoll. I desembermøtet gav Austevoll kommunestyre grønt lys. Dette markerer det formelle avsparket for arbeidet og kommunestyret sentra ballen over til Hordaland fylkeskommune.

I løpet av 2017 følgde fylkeskommunen opp.

På nyåret fremja fylkesrådmannen sitt forslag til regional transportplan for Hordaland. Dette er samferdslebibelen til fylkeskommunen, og prosjekt som fylket skal jobbe med må vere heimla i transportplanen. Og eit mogleg bompengeprosjekt i Austevoll var skrive inn i planforslaget.

Gjennom våren 2017 var transportplanen til politisk behandling, og til slutt, i juni, vedtok Hordaland fylkesting ein regional transportplan som for første gang nemnte ein bompengepakke for vegnettet i Austevoll.

Parallelt med denne prosessen byrja me planleggingsarbeidet her i kommunen, og med god hjelp frå fagfolk i fylkeskommunen og Statens vegvesen.

På tampen av 2017, i det siste møtet i fylkestinget, blei investeringsprogrammet for fylkesvegnettet vedtatt. I investeringsprogrammet er Austevollpakken nemnt for første gang.

Prosjekt som dette er omfattande greier og det tar tid. Likevel synst eg at me har kome svært langt allereie. Me byrja «from scratch» og på relativt kort tid har me nådd viktige milepålar. I løpet av tolv månader gjekk me ifrå eit prinsipielt og ambisiøst kommunestyrevedtak, til å få Austevollpakken inn i både regional transportplan og investeringsprogrammet til fylkeskommunen.

Og no er me snart halvvegs i 2018.

I budsjettmøtet i desember i fjor sette Austevoll kommunestyre av ein halv million kroner til planleggingsarbeidet. Så langt har det ikkje kosta pengar, fordi arbeidet som er gjort har skjedd i regi av kommunen og vegvesenet. Men i mai gav formannskapet klarsignal for å bruke pengar på det som me treng hjelp til – og me går inn i den avsluttande fasen av samferdsleutgreiinga. Går alt etter planen vil rapporten vere klar i løpet av siste halvår 2018.

I arbeidet med Austevollpakken skal me sjå på mange vegstrekningar i Austevoll. Mykje av det me gjer bygg på trafikksikringsplanen som blei vedtatt på tampen av førre valperiode, sommaren 2015. I tillegg må vegstrekningar som ikkje er prioriterte der, vurderast, blant anna vegen over Storebø.

Dersom eg må gje ei førebels vurdering av Austevollpakken, så vil den vere sånn som dette:

  • Ikkje samanlikn med Bømlo, Nordhordland og Askøy. Dei har heilt andre inntekter å rutte med. Desse vegpakkane har ei investeringsramme på rundt 1,5 milliardar kroner og meir, og med ei lang liste prosjekt.
  • Det kan godt hende at vegpakken vår ikkje blir gjort i eit jafs, men at det blir ein Austevollpakke del 1 og seinare del 2. Austevollpakken del 1 trur eg blir i storleiken frå 250 til 350 millionar kroner.

Dette er ei førebels vurdering og ting kan sjølvsagt endre seg. Men dersom me legg dette til grunn blir det færre store vegprosjekt, men samstundes er det godt med pengar til å gjere viktige, mindre utbetringar av vegane våre.

Med ein kvart milliard kroner så skal me klare å gjere viktige delar av vegnettet tryggare og meir framkomeleg. Det er viktige strekningar som me vil klare å gjere betre, som vegen over Storebø og Mjåsundbru i Torangsvåg. Det vil kome gang- og sykkelveg på Drivenes, og forhåpentleg frå Solesvikvegen. Flaskehalsar blir fjerna, som over Eido og Bjelland, og med viktige punktvise utbetringar på fylkesvegane, som frå Veivåg til Salthella, Taranger til Barmen, hovudvegen på vestsida av Huftarøy, gjennom Vik og Husavik til Vinnes.

Det som avgjer og avgrensar Austevollpakken er naturlegvis finansieringa. Den største pengekjelda i alle sånne bompengepakkar, er bompengar. I tillegg til bompengar er fylkeskommunale midlar ein del av finansieringa, og eventuelle kommunale bidrag.

Bompengar vil bli grundig drøfta i samferdsleutgreiinga. I utgangspunktet tenkte eg at bompengar var ei openbar og viktig inntektskjelde. I dag er eg ikkje så sikker. Me har bompengar i dag og fram til Austevollsbrua er nedbetalt om ganske nøyaktig to år. Særleg dei siste åra har sjølve ferjebilletten auka mykje, og med bompengar på toppen så er prisen for å kome seg til og frå Austevoll veldig høg. Når Autopass dessverre blir innført, så blir det endå verre. Då vil det koste 301 kroner éin veg for å ta ferja mellom Hufthamar og Krokeide (utan rabatt).

Eg meiner derfor me ikkje har høve til å ha ein høg bompengetakst som kjem i tillegg til ferjetaksten. Eigentleg meiner eg at me bør forsøke å bygge Austevollpakken utan bompengar i det heile tatt fordi eg trur den økonomiske smertegrensa er nådd. Dersom det fortsatt skal vere bompengar må satsen reduserast ganske kraftig med sånn som den er i dag, meiner eg.

Og så vil ein kanskje spørje seg: Kvifor må me ha bompengar i det heile tatt, kvifor kan ikkje fylkeskommunen berre gjere jobben sin og oppgradere fylkesvegane sine?

Spørsmålet er ikkje urimeleg. Eg synst det er forstemmande at oppgåver eg synst fylkeskommunen faktisk bør ha, som vidaregåande skular, fylkesvegar, ferjer og snøggbåtar, er der det sviktar mest. Samstundes er det fryd og gammen og masse fylkeskommunale ressursar til regional arealplanlegging og delegasjonsturar til venskapsregionen i Normandie i Frankrike. Så fekk eg sagt det.

Men det er ikkje vond vilje som hindrar fylkeskommunen i å utbetre vegane i Austevoll. Det er rett og slett at fylkeskommunen ikkje har råd til å gjere det åleine.

Løysinga er derfor at fylkeskommunen vel å prioritere investeringane sine i prosjekt der det meste av pengane kjem frå andre kjelder, som bompengar. Og det er her me er no. I ein Austevollpakke vil fylkeskommune gå inn med midlar som me ikkje nødvendig vil få elles. Fylkeskommunen kallar det eit spleiselag, og me seier at me er med å spleise.

Spleiselaget Austevollpakken kan bety at me om 3-4-5 år ser at vegstrekningar og prosjekt som me har snakka om i 30-40-50 år blir fiksa. Det er ein god deal.

Både fylkeskommunen og vegvesenet viser god vilje til å utbetre vegane i Austevoll. Derfor har me tatt initiativ til Austevollpakken og me er godt i gang. Målet er å gjere det tryggare og betre for gåande og syklande, og store og små køyretøy.