Billegare og raskare bygging med ny kommuneplan

Den nye kommuneplanen betyr færre dispensasjonar, raskare saksbehandling og pengar spart for dei som skal bygge i Austevoll.

Foto: Natalie Mariell Elholm

Av ordførar Morten Storebø (H) og varaordførar Anja Heggholmen (Ap)

Frå 2013 til 2022 behandla Austevoll kommune i gjennomsnitt 75 dispensasjonar årleg. Mange av desse handlar om manglande byggegrense, krav om reguleringsplan og feil arealformål.

Dispensasjon er å gi unntak frå reglane i kommuneplanen. Eit viktig formål med den nye kommuneplanen er derfor å endre reglane der det lar seg gjere. Det betyr at ein i framtida vil sleppe å søke dispensasjon i ei rekke byggesaker. Dette betyr pengar spart og raskare behandling.

Blant anna vil den nye kommuneplanen ha byggegrense som er nærare sjø enn 25 meter for bygg som nødvendigvis må oppførast ved sjøen. Plankravet blir fjerna i ei rekke utbyggingsområde, og arealformåla er tilpassa både på land og i sjø. Eksisterande bustader er markert i kartet slik at du kan bygge til dømes garasje og vinterhage utan å søke dispensasjon.

Eit anna problem som må løysast er kva som skal gjelde av kommuneplanen og eit hundretals eksisterande reguleringsplanar. Dette er også ein gjengangar som skaper uklarheit og meirarbeid. I utkastet til kommuneplan er derfor kvar einaste reguleringsplan som i heilskap skal gjelde vidare, markert i plankartet med kvit omsynssone.

Kommuneplanen skal handtere mange oppgåver. Den skal sikre at samfunnet har nok planavklarte område å vekse på, til bustader og næringsbygg, naust, hytter og alle andre bygningar, over heile kommunen. Den skal løyse utfordringar som utbyggar, tiltakshavarar og kommunen opplever i dag. Planen skal vere så forståeleg og brukbar som mogleg.

Den gjeldande kommuneplanen blei vedtatt i 2013. Det er mykje som er bra med planen, og så er det ting som burde vore gjort annleis og som me forsøker å løyse denne gongen.

I Marsteinen førre veke kom Helge Andre Njåstad i Frp med kritikk mot planprosessen og forslaget til ny kommuneplan. Det er mykje i innlegget som treng å oppklarast.

Lat oss byrje generelt. Frp sit i styringsgruppa til kommuneplanen og har deltatt i dei politiske drøftingane som har vore både om planprosessen og innhaldet i planen. Frp er ikkje sett på sidelinja, dei er fullverdige medlemar av alle avgjerdsprosessar. Her kan me blant anna vise til to døme:

1) Dei politiske partia har hatt svært god tid, frå mai til september i fjor, til å sette seg inn i planutkast, ha interne drøftingar og eksterne møte. Det blei også halde informasjonsmøte for alle politikarar med gjennomgang av planutkastet.

2) I kommunestyret i september i fjor var det semje om mykje. Blant anna blei alle forslaga i plankartet som Frp foreslo å utgreie, einstemmig vedtatt.

Frp står altså ikkje på utsida av planprosessen slik ein kan få inntrykk av i Marsteinen. Det er tvert imot lagt til rette for medverknad og det er vist vilje til samarbeid mellom alle partia i kommunestyret. Målet er å få flest mogleg innspel og forslag til forbetringar, då kan me redusere utilsikta feil og få ei brei politisk og folkeleg støtte til planen.

Frp er kritisk til arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa var den som utarbeidde planutkastet. Resultatet frå arbeidsgruppa blei lagt fram i mai i fjor. Planutkastet har etterpå blitt behandla både i den politiske styringsgruppa ­­– der alle gruppeleiarane sit – og eit samla kommunestyret. Å snakke om snøen som falt i fjor er eit treffande ordtak å bruke.

I lesarbrevet skriv Njåstad om planprosessen som var i 2013. Skildringa hans vil likevel mange vere ueinig i. Lokalpolitikarar den gongen fortel at dei ikkje fekk nok informasjon om planforslaget og at mange eigentleg ikkje visste kva dei stemte for. Dette er også noko ein forsøker å gjere betre denne gongen.

I lesarinnlegget står også at: «Der me før skreiv i papira at Ola og Per hadde innspel der og der, er namn og kontaktperson bytta ut med eit ID-nr.» At innspela blir nummerert er meir ei nødvendigheit, det er trass alt snakk om over 400 innspel. Det viktigaste er at det er lett å finne innspela på kartet, at ein ser kva det gjeld og kva som er ønsket bak.

I kommuneplanprosessen må enormt mange innspel behandlast skikkeleg. Det store engasjementet kom også til uttrykk i dei mange folkemøta kommunen hadde i innspelsrunden. Planen femnar om heile kommunen og på tvers av eigedomsgrenser. Mange vurderingar er prega av subjektive omsyn. Derfor kan det vere greitt at innspel blir sortert på nummer og ikkje namn. Dette kan vere eit bidrag for å hindre ei oppleving av trynefaktor.

For oss i Austevoll hadde det vore nyttig med innspel frå ein stortingsrepresentant som hjelpte oss med å løyse utfordringar. I stor grad handlar det om krav frå Oslo, med lovar, forskrifter og retningslinjer som kommunen må følgje. Njåstad kritiserer konsekvensutgreiing og administrasjonens rolle i planprosessen. Det er likevel ikkje så mykje kommunestyret kan gjere med dette. At nye område for utbygging skal konsekvensutgreiast er bestemt av staten. At administrasjonen og rådmannen skal utgreie sakene er heller ikkje noko me har funne på. Det står i kommunelova.

I dag skal kommunestyret behandle kommuneplanen og forhåpentlegvis vedta å legge planforslag på høyring. Me ser fram at planen blir tatt eit viktig steg vidare i prosessen, og at både innbyggjarar, bedrifter, foreiningar og offentlege instansar får kome med sine innspel. Målsettinga vår er at kommuneplanen skal legge til rette for vekst, gjere det enklare og billegare å bygge, og ta vare på viktige naturområde i kommunen.

Lesarbrevet stod på trykk i Marsteinen 26. januar 2023.