Formuesskatten må fjernast

Formuesskatten er ei tung bør for norske bedriftseigarar og må fjernast.

DOF-skip i opplag

Høgre meiner formuesskatten må fjernast. Sidan Solberg-regjeringa tiltredde er skatten redusert med 8 milliardar kroner, skattesatsen er redusert og bunnfrådraget er auka. Verdsettingsrabatten blei først innført på 35 prosent og er no auka til 45 prosent.

Samla for heile landet er det 15,4 milliardar kroner som framleis blir tatt inn i formuesskatt. Statsbudsjettet er på 1.500 milliardar kroner, formuesskatten utgjer dermed berre ein dryg prosent og det er absolutt mogleg for staten å fjerne denne skatten.

Formuesskatten er ei tung bør for norske bedriftseigarar. Årsaka er at skatten baserer seg på kva du eig av verdiar i bedrifta di. Det er altså ikkje ein skatt som tar utgangspunktet i bedrifta sitt økonomiske resultat, og om den går med overskot eller underskot.

Konsekvensane av formuesskatten blir veldig synlege i nedgangstider. Sjølv om bedrifta går med underskot er produksjonsmaskinene og -utstyr framleis like mykje verd som om tidene var gode. Derfor kan ein oppleve at bedrifta går med underskot, samstundes som eigedelane i den same bedrifta betyr at ein må betale formuesskatt.

Eit typisk døme er at eit skip i eit reiarlag må i opplag ein periode. Eit slikt driftsopphald medfører berre utgifter for eigaren av skipet. Formuesskatten kjem i tillegg til desse utgiftene. I verste konsekvens er den samla økonomiske byrden så stor at arbeidsplassar i bedrifta går tapt.

Formuesskatten er ein skatt som privatpersonen betaler og for at bedriftseigaren skal kunne betale skatten sin medfører det altfor ofte at ein må ta utbytte.

Tar du utbytte kjem utbytteskatten i tillegg.

Så ikkje berre må ein ta utbytte for å betale formuesskatt, men utbyttet blir også skattlagt.

Konsekvensen er ei tapping av viktige kroner som mykje heller burde gå til utvikling, auka sysselsetting og til å ruste bedrifta mot dårlege tider. Samstundes er det ein skatt som berre norske bedriftseigarar betaler og utanlandske eigarar i Norge slepp denne skatten

Derfor meiner Høgre at formuesskatten må fjernast.

Nedtrappinga som er gjort av Solberg-regjeringa viser at Høgre meiner alvor. Det er likevel ein veg å gå.

Sjølv om formuesskatten utgjer ein liten del av statsbudsjettet, så er det ei viktig inntektskjelde for kommunar som har mange bedriftseigarar og høg næringsaktivitet. Austevoll er i leiinga blant slike kommunar.

For vår del er formuesskatten meir enn éin tiandedel av kommunes samla inntekter, i 2019 utgjer inntektene om lag 53 millionar kroner.

Formuesskatten er ein skatt som både går til staten og til kommunane, og den største skjerven er kommunal. Dersom Austevoll kommune skulle redusert formuesskatten ville dette betydd ein stor reduksjon i inntektene til kommunen. Kutt i inntekter vil kunne krevje kutt i kostnader og i dei kommunale tenestene.

Bø kommune er førebels den einaste kommunen i Norge som har valt å redusere formuesskatten. Me har følgd saka der med stor interesse. Førebels er det negative erfaringar å trekke frå Bø.

Bø er ein skattesvak kommune. Skatteinntektene utgjer 80 prosent av landsgjennomsnittet. Å kutte i ein skatt som ikkje gir all verda med inntekter utgjer derfor ikkje dei store summane i krone og øre, men fordi Bø sine skatteendringar ikkje skal kompenserast av resten av Kommune-Norge, så betyr det at Bø kommune – i utgangspunktet – ikkje berre må bere inntektstapet av sjølve skattekuttet, men også konsekvensen av at innbyggjarar med formue som flyttar til kommunen, bidrar til å auke papirverdien av kva kommunen har potensial for å ta inn i formuesskatt.

Dette skjer ved det kompliserte utjamningssystemet som for alle norske kommunar legg opp til at skattesterke kommunar må gje frå seg pengar til skattesvake kommunar.

Dersom enkeltkommunar kuttar formuesskatten så betyr det at også kommunen kan få ein dobbeltsmell. Å senke skatten reduserer inntektene. Flyttar folk med formue til kommunen, slik at papirverdien av formuesskatten aukar, så vil kommunen dessutan få lågare statlege overføringar. Begge delar reduserer inntektene til kommunen. Alle desse punkta over gjer det vanskelig for kommunar med eit sterkt næringsliv og fjerne den kommunale delen av formueskatten utan å bli kraftig straffa økonomisk

15,7 milliardar i formuesskatt i statsbudsjettet er sjølvsagt mykje pengar. Det ser likevel ikkje ut som at det er tapet av desse inntektene som er det som står i vegen for eit breitt forlik.

Debatten handlar mest om at formuesskatten er skatten som «dei rike» betalar, og at det er den einaste måten rike folk bidrar til samfunnet. Skatt er det me betalar for at me kan ha eit skikkeleg bra velferdssystem, slik me har i Norge. Og alle må bidra.

At det finst skatteakrobatar som utnyttar smotthòl i systemet stemmer ganske sikkert. Lav skattemoral hos enkelte forsvarar likevel ikkje at me har formuesskatt med så store og negative konsekvensar for næringsliv og sysselsetting. Då er det betre å justere skattesystemet slik at det fangar opp dei som gøymer seg vekk frå spleiselaget, i staden for å halde seg med ein skatt som rammar så gale.

Debatten om formuesskatten må takast på premissa til samfunn som Austevoll. Her betalar bedriftseigarane skatten dei skal. På same tid opplever ein at formuesskatten forverrar økonomien til bedrifta og den forverrar konkurranseevna, særleg for dei små og mellomstore bedriftene.

Formuesskatten blir kalla «særnorsk» av ein grunn. Det er ein skatt som dei færraste land har. Det betyr også at utlendingar som eig norske bedrifter slepp å betale formuesskatt, medan norske bedriftseigarar må betale.

Formuesskatten må vekk og den einaste gangbare vegen er at formuesskatten blir fjerna av Stortinget.

Av:
Ragnhild Fagerbakke, leiar i Austevoll Høgre
Sigve Drønen, kommunestyremedlem for Austevoll Høgre
Alfred Økland, kommunestyremedlem for Austevoll Høgre

Lesarinnlegget stod på trykk i Marsteinen 18. februar 2021.