Gode kvardagar i eit levande lokalsamfunn

– Målet vårt er å bidra til at innbyggjarane våre har gode kvardagsliv, skriv Høgres ordførarkandidat Bente Kari Sletten Taranger og gruppeleiar Anita Melingen.

Anita Melingen, 2. kandidat, og ordførarkandidat Bente Kari Sletten Taranger (Foto: Natalie Mariell Elholm)

Av ordførarkandidat Bente Kari Sletten Taranger og gruppeleiar og 2. kandidat Anita Melingen

Det er kvardagar det er flest av. Travle kvardagar med arbeid som skal gjerast, middagar som skal lagast og klede som skal vaskast. Gjerne er det barn involvert som skal på skule, ha ein matpakke, ha tid til lekser og følgjast til fritidsaktivitetar. Og så er det slik at det ikkje er alle som har travle kvardagar; men tvert i mot lange dagar som må fyllast så godt som råd er med noko innhaldsrikt.

Til felles har me alle at me treng livskvalitet i kvardagen, uansett livssituasjon, alder og helse.

For at me skal ha livskvalitet i kvardagen og i dei ulike fasane av livet, er det viktig å ha eit lokalsamfunn og ein kommune som legg til rette for at det er mogleg. Sjølv om me alle har ansvar for eigne liv, har kommunen ansvar for mange av dei aller viktigaste velferdsoppgåvene i samfunnet.

Målet vårt i Austevoll Høgre er å bidra til at innbyggjarane våre har gode kvardagsliv. Det gjeld anten du driv eiga næring, er i fullt arbeid, treng omsorg, hjelp eller opplæring, om du er pårørande, er aktiv i frivilligheita, eller berre ein sjeldan gong må nytte deg av kommunens tilbod av tenester.

Kommunen gjer mykje for mange. Me har fleire hundre dyktige kommunetilsette som bidreg til at du skal vere trygg på å få dei tenestene, den omsorga og den hjelpa og servicen du treng. Austevoll Høgre sin politikk byggjer på at me har ein kommune som idag er godt dreve og har gode tenester.

Likevel er det alltid rom for forbetringar, og dette skal me jobbe med også i neste valperiode. Eit av dei felta me vil prioritere er Austevollsskulen. Me ynskjer å lage ein langsiktig plan for Austevollsskulen, med formål å unngå tilfeldig politisk og administrativ styring. Me må sjå på samarbeidet mellom heim og skule, opplæring, arbeidstilhøve og rekruttering. I dette arbeidet skal tilsette og foreldre sikrast medverknad. Me trur på auka samarbeid mellom skulane våre, at ein kan lære frå kvarandre. Me trur at meir praktiske prosjekt i skulane vil fremma læring og interesse hos borna, både i barne- og ungdomsskulen. Det er svært viktig for barn og unge å kjenne på meistringsfølelse og at ein får noko til, dette trur me er grunnleggjande for god psykisk helse og at ein er godt rusta for vaksenlivet. Konkrete tiltak må til!

Når me i desse dagar jobbar med valprogrammet vårt ser me at det er stort engasjement i gruppa vår for skule, og det er me glad for. Generelt er me glad for den breidda av erfaring kandidatane i Austevoll Høgre har, både når det gjeld yrke, alder, livssituasjon osb. Me har gode diskusjonar og meiningsutvekslingar rundt alle område som kommunen har ansvar for. Det er givande og kjekt.

Austevoll Høgre har jobba i meir enn 50 år med framgong og utvikling i kommunen. I nokre periodar har utviklinga skjedd i lange byks, mens andre saker har vore jobba med steg-for steg over lengre tid. I neste periode har me òg større og mindre saker me må jobbe med, men aller viktigast er det å styre kommunen på ansvarleg måte og med blikket eit godt stykke fram!

Lesarbrevet stod på trykk i lokalavisa Marsteinen, torsdag 11. mai 2023