Grunn til uro
Kva er verst: At ordføraren bagatelliserer legitim kritkk frå opposisjonen som personangrep, eller at ho kjempar innbitt mot at nokon skal vite kva rådmannen har forplikta kommunen til? Uansett gjev det grunn til uro.
For to veker sidan skreiv Marsteinen om avtala som er inngått mellom Austevoll kommune og rektor ved ungdomsskulen. Som Marsteinen refererte så forsøkte blant anna vi i Høgre å finne ut kva kommunen faktisk har forplikta seg til. Kravet om meir informasjon blei torpedert av ordføraren og fleirtalet hennar i kommunestyret.
I eit innlegg på kommunens nettside svarar ordførar Renate Møgster Klepsvik på kritikken. Ordføraren startar med å skrive at ho ser alvorleg på at det er sådd tvil om lokaldemokratiet fungerar som det skal. Ordføraren håpar også at valkampen ikkje skal handle om usaklege påstandar om kva vurderingar ho eventuelt har gjort seg i saka.
Gjerne det, men i same innlegg har likevel Renate Møgster Klepsvik ingen vanskar med å tillegge kritikarane sine eit fullstendig urimeleg motiv. Ordføraren påstår nemleg at politiske motstandarar «kan ha ynskje om å sverta meg». Ho må openbart ha gløymt det ho sjølv skreiv innleiingsvis, nemleg om lokaldemokratiet. Det blir tronge kår for ein debatten i lokaldemokratiet når ordføraren karakteriserer sakleg opposisjon som personangrep.
Lat oss frå Høgres side derfor understreke to viktige poeng:
1. Når Høgre er kritisk og ber om informasjon i ei viktig sak så er det ikkje det fordi vi har eit ynskje om å sverta ordføraren, slik Renate Møgster Klepsvik i fullt alvor får seg til å skrive. Engasjementet til Høgre-gruppa er ekte og uroa er på sin plass. For oss er ikkje dette ei valkampsak, vi skal føre ein sakleg kampanje som handlar om kva vi skal gjere for Austevoll.
2. Denne saka er krevjande, det er ei personalsak og det er også ei alvorleg sak for kommunen som arbeidsgivar og derfor for kommunestyret. Vi vågar påstanden at Høgre har klart å balansere omsyna til personen som er involvert og dei saklege og prinsipielle sidene i saka på skikkeleg måte.
Det er uheldig at ordføraren bagatelliserer den legitime, politiske usemja som faktisk gjer seg gjeldande. Kritikken frå Høgre er ikkje sverting, verken av ordførar eller rådmann. Det handlar rett og slett om at saka er så spesiell og viktig at kommunestyret bør vite meir om kva rådmannen har forplikta kommunen til.
Denne saka handlar ikkje minst om kva kommunestyret skal vite om forhold som kommunestyret har ansvaret for. Renate Møgster Klepsvik er på trygg grunn når ho skriv at vedtak i kommunestyret er demokratisk, men i demokratiet er også tilgang på informasjon ein grunnpilar. Klepsvik ikkje legg skjul på at ho heilt medvitent sørgde for at kommunestyret ikkje fekk informasjon som kommunestyret burde hatt.
Dette er ei personalsak, og som ordføraren skriv så personsaker er delegert til rådmannen. Ansvaret ligg likevel hos kommunestyret. Det at oppgåver er delegerte fråtar ikkje kommunestyret ansvaret sitt. Drifta av kommunen er jo delegert til rådmannen, men det hindrar sjølvsagt ikkje kommunestyret i å ha innsyn eller ansvar. Å lukke augene i vanskelege saker og gøyme seg bak at ansvar er delegert er like ansvarslaust som det er urovekkjande.
På eit viktig punkt er det inga usemje mellom Høgre og ordføraren. Nemleg om at informasjon som er unnatatt offentleg innsyn ikkje skal offentleggjerast. Det skal ikkje herske tvil om at Høgre respekterer dette. Derfor har Høgre vore svært medviten på at vi i det offentlege rom ikkje har omtala innhald. Det er heller ikkje mykje innhald som er gjort kjent for det øvste organet i kommunen.
Kommunestyret veit altfor lite om kva som har skjedd i denne saka til å trekkje slutnader. Det vi veit er at kommunestyret bør få den informasjonen som mindretalet bad om, fordi kommunestyret har det overordna personalansvaret. Samstundes har vi ingen intensjon om å gjere dette til ei valkampsak. Vi har derfor bedt Høgres representant i kontrollutvalet om å sjå til at dei behandlar saka, i ro og mak, og leggje fram for kommunestyret deira vurdering og konklusjon.