Høgre satsar på frivillig innsats

Mange eldsjeler innan idrett, kultur, lag og organisasjonar tar med seg engasjementet sitt inn i lokalpolitikken. Her fortel nokre av våre kandidatar kvifor dei meiner Høgre er eit godt val for frivilligheita.

Frivillig innsats har alltid stått sterkt i Austevoll, og sånn er det heldigvis fortsatt. Over heile kommunen blir det lagt ned tallause dugnadstimar. På ettermiddagar, helger, fritid og friperiodar skapar austevollingar eit mangfald av store og små aktivitetar, skapar idrettsglede og kulturopplevingar, tar vare på bygdahus, leikeplassar, fotballbanar, ballbinger og turløyper, forvaltar historia, og tar vare på kvarandre og på samfunnet vårt. Denne innsatsen skapar verkeleg levande og gode lokalsamfunn!
Frivillig sektor er også viktig for å rekruttere folk til lokalpolitikken. I alle lokalpartia i Austevoll er det mange som er aktive i frivillig sektor og som tar med seg samfunnsengasjementet sitt inn i politikken.
Slik er det også i Austevoll Høgre. Me som skriv dette er frivillige i ulike lag og foreiningar rundt om kring i kommunen, og me stiller til val for Austevoll Høgre. Ein viktig grunn er at Høgre, i lag Ap, verkeleg satsar på frivillig innsats.
Frivillige lag og foreiningar treng eit godt samarbeid med kommunen. Kommunale tilskot er viktig for å spe på inntekter frå medlemskontingent og innsamla midlar. Kommunen er viktig for å gje informasjon om søknadsprosessar, støtteordningar, og gje ei hjelpande hand når me skal over tøffe kneiker.
Austevoll kommune har alltid vore ein god støttespelar overfor frivillig sektor. Me meiner ikkje at frivillig sektor hadde magre kår før Høgre og Ap kom til makta. Dei siste fire åra har det likevel vore eit fokus på frivillig innsats som me ikkje har opplevd tidlegare.
I 2015 vedtok Høgre og Ap ei ny stilling som frivilligkoordinator, som blei tilsett i 2016. Det har gjort det mykje lettare å ha kontakt med kommunen og få god hjelp. I fjor opna også frivilligsentralen i Austevollbadet som basen for kommunens arbeid overfor frivillig sektor. Dessutan er folkebiblioteket på Selbjørn pussa opp og eit eigna lokale for frivillige lag og organisasjonar.
Høgre og Ap fekk også på plass fleire søkbare tilskotsordningar. Det byrja i 2016 med bygdahuspotten. Før bygdahuspotten var det vanskeleg å få nok pengar til større utbetringar på bygdahus rundt om i kommunen. Ein stod i same køen som alle andre gode tiltak, og fekk derfor alltid langt mindre pengar enn det var behov for. Med bygdahuspotten har kommunen fordelt til saman 750.000 kroner berre til bygdahus, med større kronebeløp enn me tidlegare var i nærleiken av å få. Etter fire år med bygdahuspott er det gitt pengar til Hundvåkøy samfunnshus, Øytun grendahus, Kolbeinsvik vel, Storebø gamle skule, Vinnes vel, ungdomsklubb på Selbjørn skule, Stolmen vel, Litlakalsøy vel og Drøna og Rostøy bygdalag. Pengar som ein ikkje kunne vere forutan.
I 2017 blei ei ny støtteordninga for større kultur- og konsertarrangement etablert. Før denne var det også slik at denne type arrangement fekk pengar frå den same vanlege kulturordninga, og sjeldan fekk tilskot som heilt stod i stil til storleiken på arrangementa og kostnadane med desse. Av og til gav kommunen pengar til enkeltarrangement, men det hadde den ulempa at det kunne sjå ut som om kommunen forskjellsbehandla. Med ei eiga tilskotsordning og med like spelereglar har det blitt fordelt til saman 550.000 kroner og til 23 arrangement på tre år, blant anna kultursogehelga i Bekkjarvik, Fiskefestivalen på Stolmen, Møkstermaratonen, KDV skulekorps, Hamp og havstril og Kalsøydagane.
I tillegg til dette er tilskota til turløyper auka får 200.000 kroner, til ein halv million kroner i 2019.
Idretten er den største delen av frivillig sektor. Idrettsmidlane som blir fordelt etter søknad er på 350.000 i året, og det blir i tillegg gitt 600.000 kroner i driftstilskot til dei største idrettslaga. Det viktigaste bidraget som er gitt idretten i denne perioden er naturlegvis bygginga av Austevolllbadet. Austevollbadet er eit spleiselag mellom private givarar og kommunen, og der éin tredjedel er finansiert med statlege spelemidlar. I tillegg har det skjedd ei rekke oppgraderingar og bygd nye tilskot til eksisterande idretts- og nærmiljøanlegg – alltid med eit stort lokalt engasjement og resultat av dugnadstimar og innsamla midlar.
Desse tilskotsordningane er viktig for frivillige lag og organisasjonar. Det gjer det lettare å skape aktivitet. Det er også viktig og positivt at ordningane baserer seg på like kriterier for dei som søker, og at behandlinga av søknadene skjer samtidig. Det fjernar det som kunne vere av tvil eller frykt for forskjellsbehandling.
I neste valperiode foreslår Høgre å bygge vidare på dei gode erfaringane me har gjort oss med samarbeid og støtte frå kommunen. Høgre ønskjer å etablere ei ny støtteordning for folkehelsetiltak, med økonomisk støtte til lag og foreiningar som hjelper til og reduserer terskelen for å vere i bevegelse, gjerne gå ein liten tur i lag med andre. Og så meiner Høgre at det skal bli gratis for frivillige lag og organisasjonar å bruke kommunale lokale til aktivitetane sine, anten det er øvingslokale for skulekorpset eller eit klasserom å ha medlemsmøte i.
I Austevoll lev dugnadsanda og samfunnsengasjementet i beste velgåande. Frivillig sektor har ein fantastisk aktivitet, mange frivillige, stor støtte frå bedrifter og frå kommunen. Alle partia som stiller til val i Austevoll er klare over betydinga av frivillig innsats og vil føre ein god politikk. Men me meiner likevel at Høgre er litt betre. Dei siste fire åra viser at Høgre forstår frivillig sektor og har handlekraft til å gjennomføre politikken sin og ikkje berre snakke. I programmet vårt foreslår me nye saker som vil forsterke den frivillige sektoren endå meir, fordi me veit at det er noko av det viktigaste kommunen kan gjere for å skape gode lokalsamfunn.
Lesarbrevet stod på trykk i Marsteinen 25. august 2019.