Rett skal vere rett

Høgre har ikkje vore samd med Frp i alle saker i kommunestyret. Me har eigen politikk og eigne forslag til betre løysingar på viktige saker. Det betyr likevel ikkje at me har vore mot nødvendige satsingar slik Frp påstår i valbrosjyra si.

Ved inngangen til valkampen såg det ut til at dei fleste partia var einige om å føre ein sakleg valkampanje. Frp ved Renate Møgster Klepsvik har fleire gonger gjentatt dette ønskje om at me nettopp må vere saklege. I Høgre er me derfor forundra og oppgitt over Frp. I den politiske rekneskapen dei presenterer i valbrosjyra si så fører dei rett og slett veljarane bak lyset. For det er sjølvsagt ikkje riktig at Høgre har vore mot nødvendige tiltak i kommunen. Det som er rett er at Høgre i enkelte saker har hatt eigne forslag til korleis prosessane skal gå og korleis sakene skal løysast. Det vil seie at me har eigen politikk for å bidra til betre løysingar på viktige saker.

Høgre var for ny brannstasjon
Frp påstår at Høgre var mot å bygge ny brannstasjon med plass til vedlikehaldsavdelinga i Porsdalen. Sanninga er at Høgre var for ny brannstasjonen. Men me meinte at det var unødvendig og derfor unødvendig fordyrande å flytte heile den kommunale vedlikehaldsavdelinga frå kommunehuset til Porsdalen i same slengen.

Det var to grunnar til dette:
1. Brannmannskapet bad sjølv om ein enkel brannstasjon og meinte det var viktigare med brannutstyr for å sløkkje brannar enn unødig stor og dyr brannstasjon.
2. Høgre hadde eit sterkt ønskje om helsehus, og då var det openbart at vedlikehaldsavdelinga ville få meir enn god nok plass på kommunehuset når helsehuset stod ferdig. Det ville rett og slett ikkje vore nødvendig å investere fem millionar kroner i større lokale til vedlikehaldsavdelinga i den nye brannstasjonen.

Høgre måtte kjempe for å få skikkeleg informasjon om konkurranseutsetting
Høgre har heile tida meint at prosessen som resulterte i konkurranseutsetting av pleie- og omsorgssektoren var for dårleg. Me var kritisk til hastverket som prega prosessen i starten. Det var først då informasjon som Høgre eksplisitt hadde etterspurt blei lagt på bordet me kunne fatte vedtak i saka.

Høgre var mot å gi underskotsgaranti til «Allsang i Prestagarden»
Her stemmer påstanden frå Frp. Høgre stemt ikkje for at kommunen skulle gi ein underskotsgaranti til «Allsang i Prestagarden». Me gjer ikkje dette for å vere festbrems, men fordi det er viktig med stålkontroll over kommuneøkonomien. På same måte meinte me at brannstasjonen burde byggast, men utan den kommunale vedlikehaldsavdelinga måtte inn der i tillegg. Alle utgifter som kommunen ikkje trengte å ta, anten det er fem millionar ekstra i brannstasjonen eller kommunale underskotsgarantiar, kunne me brukt på andre føremål, skule blant anna. Når det gjaldt «Allsang i Prestagarden» så meinte Høgre at me kunne redusert artisthonorara ved at me i staden brukte fleire av dei usedvanleg flinke austevollsartistane me har.

Høgre foreslo 14 millionar i vedlikehaldsfondet. Frp kutta fire av desse.
Austevoll Høgre støtta rådmannens forslag om å auke vedlikehaldsfondet til 14 millionar kroner, og me støtta rådmannens forslag om éin million kroner til å asfaltere kommunale vegar. Frp reduserte vedlikehaldsbudsjettet med fire millionar kroner, og auka asfaltbudsjettet med éin million. Høgre meiner me bør bruke meir på å vedlikehald av kommunale bygg og tilstanden på bygga tilseier at det er ei nødvendig prioritering.

Høgre var for omsorgsbustader i Bekkjarvik.
Frp kritiserer «haldninga» til Høgre i denne saka. Det er usakleg og gir inntrykk av at Høgre «eigentleg» var mot. Det var me ikkje! Det var eit einstemmig vedtak som blei gjort 22. mars i kommunestyret om kjøp av omsorgsbustader.

Høgre la inn meir pengar til skule i 2013-budsjettet.
Høgre auka i lærarstillingar i tillegg til at me satsa på etter- og vidareutdanning av lærarar. Me la også inn ei auke i kulturskulebudsjettet. Det er ikkje berre lærartettleik som styrkar skulen, men ein god lærar er minst like viktig. Høgre har hatt og har fortsatt ønskje om å styrke kvaliteten i skulen, blant anna ved å auka midlar til drift. Me meiner også det er viktig å medverke til å omorganisere arbeidsdagen til lærarane slik at dei kan bruke meir tid på elevane og undervisning, og mindre tid på administrative oppgåver.

Høgre støttar også talent og unge ambassadørar for Austevoll.
Frp har namngitt to austevollingar i den politiske rekneskapen sin som verken er politikarar eller har ei rolle i valkampen. Sjølv om dei har mottatt støtte frå kommunen så synst Høgre det er uheldig at desse, kanskje utan viten og vilje, er tatt til inntekt for eitt parti. Frå Høgre si side så kan me i alle fall seie at me er stolte av og støttar begge to.

I den eine saka meinte Høgre at pengestøtta burde dekkast inn med pengar frå kulturmidla og næringsfondet. Frp henta dei same pengane, men frå driftsbudsjettet. I den andre saka gav me tilslutnad til støtta.

Høgre meiner me har næringsfondet av ein grunn.
Høgre har ikkje stemt mot støtte til arbeidet til Austevoll Næringsråd og Visit Austevoll. Men me meiner at det beste hadde vore at denne støtta hadde kome frå næringsfondet og ikkje frå driftsbudsjettet. Derfor øyremerka me ikkje pengar i driftsbudsjettet vårt.