Einar Arve Nordang sitt innlegg på Høyres landsmøte
Einar Arve Nordang er ordfører i Stranda og snakket om verdsarvområde.

Kjære dirigentar, Landsmøte
Eg vil i dag snakke om besøksbidrag. Stranda kommune, med Geiranger som spydspiss, er eit verdskjent reiselivsikon som tek imot heile 950 000 turistar kvart år. For å setje dette i perspektiv: Venezia har om lag 60 turistar per fastbuande, medan Geiranger har over 4000 turistar per fastbuande.
I 2005 vart området skrive inn på UNESCO si verdsarvliste grunna sin unike karakter. Som verdsarvkommune er vi fyrst og fremst positive til innføringa av eit besøksbidrag. Samstundes meiner vi at forslaga i regjeringa sitt høyringsnotat ikkje fungerer godt nok som eit verktøy.
For å sikre ei rettferdig og effektiv ordning meiner vi at besøksbidraget må:
• Omfatte alle besøkande, inkludert reisande med cruise, buss, tog, bubil, bil og dagsbesøkande.
• Fungere som eit verktøy for besøksstyring, slik at ein kan regulere talet på besøkande i periodar med høgt og lågt trykk.
• Leggjast opp slik at dei som blir verande lengre på reisemålet betalar mindre per dag.
•Vi har samarbeidd med både Virke og NHO Reiseliv, og er enig i at forslaget om eit påslag på overnatting i realiteten berre verkar som ein ekstra skatt for dei som allereie bidreg. Dette straffar dei som betalar frå før, medan gratispassasjerane – dei som skaper dei største utfordringane – framleis slepp å betale.
For å sikre ei berekraftig utvikling av reiselivet må vi ha ein rettferdig og gjennomtenkt modell som både styrer besøkstrykket og sikrar finansiering av fellesgode. Som ordførar i turistkommunen Stranda ser eg fram til vidare dialog, etter regjeringsskiftet for å finne ei løysing som fungerer for både lokalsamfunnet og reiselivet. med helsing
Einar Arve Nordang