Bli kjent med fylkestingsgruppa
Høgres fylkestingsgruppe i Vestland består av 15 faste representantar og kjem i frå heile Vestland.

Høgres fylkestingsgruppe i perioden 2023-2027 består av 15 faste representantar og er representert i alle dei fire hovedutvala i Vestland fylkeskommune: hovedutval for opplæring og kompetanse, samferdsel og mobilitet, kultur, idrett og inkludering og næring.Vestland Høgre sin fylkestingsgruppe er den største i fylkestinget og har fem representantar i fylkesutvalet.
Gjennom perioden reiser fylkestingsgruppa rundt i heile Vestland. Vi besøker lokalsamfunn, bedrifter, skular og organisasjonar, i tillegg til å gjennomføre fylkestingsmøte og utvalsmøte. Desse besøka gir oss verdifull innsikt i lokale initiativ, utfordringar og moglegheiter i fylket.
Møta med næringsliv, frivillige organisasjonar og offentlege aktørar er viktige for å forstå kva som rører seg i regionen, og for å utvikle politikk som bidreg til vekst, gode tenester og sterke lokalsamfunn i Vestland.
Høyres faste representantar i fylkestinget:
- Silja Ekeland Bjørkly
- Noralv Distad
- Kåre Martin Kleppe
- Tora Hodneland Kildehaug
- Dan Femoen
- Hanne Eva Husebø Kristensen
- Gunnar Moland
- Silvia Haugland
- Stig Stellberg
- John Torsvik
- Beate Dybendahl Nordvik
- Kristin Mjanger
- Lise Wergeland Strømmen
- Elias Eide
- Ida Lutro
Om du ynskjer kontakt med nokon av representantane for å komme med innspel til arbeidet i fylkestinget er det berre å ta kontakt💙