Vestland Høgres valgliste 2027-2031

Nominasjonsnemnda i Vestland Høgre har starta sitt arbeid og søken mot gode kandidatar til Vestland Høgre si valliste 2027-2031.

Bjørn Hollevik, leiar av Vestland Høgre si nominasjonsnemnd 2026. Foto Dag Nesbø Frøyen

Vestland Høgre si nominasjonsnemnd hadde konstituerande møte 13. mars og er i gong med arbeidet mot ei valliste for 2027 – 2031.

Første steg for nemnda vart å allmenngjere prosessen for partiet, og sikre god forankring og involvering både på individnivå og for alle våre lokalforeiningar. Alle som vil kan gjennom heile prosessen sende inn forslag på kandidatar til nemnda her.

Andre steg var å få avklart om kandidatar som stiller seg tilgjengeleg for 2023 – 2027 lista, om dei på nytt stilte seg tilgjengelege for arbeidet i nemnda.

Tredje steg var å samle inn forslag og avklare kandidatar. Nemda set stor pris på alle sin medverknad og bidrag her.

Siste steg før nemda går inn i avslutninga på sitt arbeid mot ein innstilling, var å gjennomføre ein rådgjevande prøvenominasjon der alle lokallag og sideorganisasjonar får høve til å komme med ei prioritert liste utfrå den alfabetiske lista over kandidatar til disposisjon.

Du kan lese meir i «Datoplan Nominasjon 2026» under. Nemda vil halde partiet oppdatert på framdrifta i arbeidet under fram mot nominasjonsmøtet den 7. november 2026 kl 12.00 på Scandic Flesland Airport Hotell.

På vegne av nemnda
Bjørn Hollevik
leiar