Fylkestingsgruppa har lagt frem sitt alternative budsjett
Høgres fylkestingsgruppe har lagt frem sitt alternative budsjett i finansutvalet denne uken.
– I tronge økonomiske tider må me politikarar våge å prioritere. Fylkestingsgruppa er tydeleg på at me treng eit ansvarleg budsjett som prioriterer det viktigaste i Vestland. Det vil seie valfridom og kvalitet i vidaregåande opplæring, meir til vedlikehald av vegar og ikkje minst eit godt og rimeleg kollektivtilbod i fylket vårt, seier gruppeleiar Silja Ekeland Bjørkly.
I Høgre sitt alternative budsjett er det lagt inn ei auka satsing på skule, veg og samferdsel. Samstundes er vi opptekne av å finne inntekter og innsparing i fylkeskommunen.
Her er nokre sentrale punkt i det alternative budsjettet.
Opplæring og kompetanse
- 30 millionar kroner i auke ramma til skulane
- 25 millionar kroner til ein fullføringspakke til elevane
- 5 millionar kroner til utstyr i skulane
- 4,5 millionar kroner ekstra til Fagskulen Vestland
- 2 millionar til sommerskule og leksehjelp
- 2 milionar til fagbrev på jobb
Samferdsel og mobilitet
- 35 millionar kroner ekstra til vedlikehald av fylkesvegene
- 46 millionar kroner til å ikkje auke kollektivtakstane ytterlegare, behalde reiserabatten og behalde dagens sone A
- 4 millionar kroner til turistruter i Vestland fylke
- 3 millionar kroner til turistbåt i Hardanger
- 2 millionar kroner til Trondheimsbussen
- 2 millionar kroner i tilskudd til Førde og Sogndal
- Følgende veiprosjekter er lagt inn i økonomiplan 2025-2028: Ferjeavløysing Atløysambandet, Ferjeavløysing Masfjordsambandet, Fv. 560 Hammersland – Eide, Fv. 615 Sandane – Fitje G/S, Fv. 570 Risnes bru (Masfjorden), Fv. 5704 Brandsøyvegen og Fv. 5184 Grimstadvegen.
Høgre ønskjer òg å innføre reklameinntekter på kollektivtransporten i Vestland. Dette vil gje 50 millionar kroner i auka inntekt.
Kultur, idrett og inkludering
- 4 millionar kroner til EM i vektløfting i Førde
- 1,96 millionar kroner til U23-EM i friidrett i Bergen
- 300 tusen kroner til Robin Hood-huset
- 300 tusen kroner til Friluftlivets år
Organisasjon og økonomi (Innsparing i fylkeskommunen)
- 25 millionar kroner i administrative kutt
- 6 millionar kroner i effektivisering av renhaldstenester
- 5 millionar kroner i redusert bruk av konsulenttenester