Resolusjon Kva skal vi leve av?

Vestland Høgres vedtok følgende resolusjon på fylkesårsmøtet 8. og 9. februar

Norge treng fleire, verdiskapande arbeidsplassar for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn. Vi treng fleire lønsame bedrifter som betaler skatt.

I det siste har det virka som om mange er meir opptekne av kva vi ikkje skal leve av framover.

Forslag til urimelege reguleringar skatteauke og reine styrte avviklingar av lønsame næringar har skapt utryggleik i mange verdiskapande næringar.

Vestland Høgre vil ha:

  • Betre, ikkje dårlegare rammevilkår for verdiskapande og næringar som skapar arbeidsplassar.
  • Lågare, ikkje høgare skattar, avgifter og gebyr for lønsame arbeidsplassar og bedrifter
  • Færre, ikkje fleire reguleringar og reglar.
  • Forsterka, ikkje forminska satsing på forenkling.
  • Mindre, ikkje større byråkrati.
  • Betre vegar og infrastruktur for å auka framkomme og redusere transportkostnadar.
  • Meir næringsretta forsking og utvikling.
  • Gjennomgang av virkemiddelapparatet for å gjere det enklare å ta i bruk og meir tilpassa bedriftene sine behov.
  • Utvikling, ikkje avvikling av næringar som finansierer velferda.