Resolusjon om klima og energi

Vestland Høgre vedtok på fylkesårsmøtet 8. og 9. februar følgende resolusjon om klima og energi

Vestland Høgre tek klimaendringane på alvor. Målretta tiltak som spelar på lag med innbyggjarane og næringslivet er ein føresetnad for å kunne lukkast.

Framtidsoptimisme er eit viktig utgangspunkt for klima- og miljøpolitikken. Samstundes som verdas energibehov aukar skal vi få fleire menneske ut av fattigdom, og vi skal utvikle lønsame og miljøvenlege produkt som forbetrar livet til menneska på jorda. Eit aktivt og sterkt næringsliv er viktig for å kunne ta vare på naturressursar og livsgrunnlag for våre etterkomarar. Vestland har ein eineståande posisjon til å stimulere næringslivet i regionen, samt leggje til rette for ny, grøn teknologi.

  1. Betre rammevilkår for kraftbransjen

Norge har gjennom internasjonale forpliktingar ambisjonar for vekst i fornybar energiproduksjon. Staten må prioritere berekraftige rammevilkår for alle kraftselskapa. Gode konkurransevilkår er avgjerande for eit framtidsretta, grønt Norge.

VestlandHøgrevil:

  • Halde på dagens ordningar for konsesjonskraft, konsesjonsavgifter og eigedomsskatt på vasskraft
  • Lokalpolitikarar får ikkje mynde til å overstyre nye konsesjonar.
  • Betre skattevilkår som aukar handlingsrommet for naudsynte investeringar.
  • Betre rammevilkåra for kraftbransjen ved å auke frirentedelen av grunnrenta

  1. Minstevassføring

VestlandHøgrevil:

  • Vurdere å kutte i minstevassføring om natta der den er grunngjeve med turistomsyn

  1. Betre lokal kompensasjon vedvindkraft

Norge er rikt på naturresursar og Vestland Høgre vil bidra til utbygging av nok fornybar energi for å møte etterspurnaden. Vindkraft er ei viktig fornybar kjelde for å bidra til dette. Regjeringa har signalisert ein gjennomgang av rammevilkåra for etablering av vindkraft. Skal vi lukkast med det grøne skiftet er vi ikkje tent med store konfliktar.

VestlandHøgrevil:

  • Sikre betre kompensasjon til grunneigarar og kommunar ved etablering av vindkraft
  • Lokalpolitikarar skal ikkje ha absolutt veto i etableringssaker, men lokale synspunkt skal bli tillagt stor vekt
  • Ivaretaking av urørt natur og det biologiske mangfaldet vere ein viktig vurderingsfaktor når ein vurderer etablering av vindkraft

  1. Havvind

Høgre meiner havvind har betydelig potensial til å bli ei positiv framtidsnæring for Norge. Norge har eineståande kompetanse på konstruksjon og drift av store installasjoner til havs. Hywind Tampen er eit viktig steg på utviklingen mot lønsam flytande havvind.

VestlandHøgrevil:

  • Utvikle havvindnæringa til ei framtidsnæring for Norge
  • Leggje til rette for samarbeid mellom næringslivet på land og på hav, styresmaktene, virkemiddelapparatet, forskingsmiljøa og aktørar elles som kan bidra til å byggje opp industri, kompetanse, arbeidsplassar og teknologi for havvind.

  1. Andreenergiformar

Det grøne skiftet kan gjere straum dyrare for norske familiar og industrien. Kjernekraft er i bruk i mange delar av Europa. Vestland Høgre vil utgreie kjernekaft i Norge som eit mogleg tillegg i energimiksen.

Høgre ser og med stor interesse på dei mange bølgekraftteknologiane som blir utvikla i Norge og verda elles. Bølgekraft har stort potensial for seg sjølv og eit enda større potensial i kombinasjon med havvind, då den samla effekta frå utbygd areal kan bli mykje høgare. Høgre ønskjer derfor auka forskingsinnsats på bølgekraft.