Resolusjon om kunnskapsskulen

Vestland Høgres fylkesårsmøte vedtok 8. og 9. følgende resolusjon

Utdanningsløpet byrjar allereie i barnehagen. Skal vi lukkast med tidleg innsats må vi byrje så tidleg som mogleg for å gi barn og unge det beste utgangspunktet for vidare utdanning og arbeid.

I nye Vestland fylke skal over 22.000 elevar gjennomføre vidaregåande opplæring i 2020, og fleire tusen av desse skal velje yrkesfag som studieretning. Det viktigaste vi kan gjere for desse elevane er å love dei å gjere det vi kan for at ni av ti skal fullføre vidaregåande opplæring, og at færre skal felle frå. Det er vår jobb nummer ein. For å lukkast med dette arbeidet må vi ha fleire gode lærarar med rett kompetanse. Vi må styrke arbeidet med tidleg innsats, og vi skal sikre valfridom for elevane slik at dei kan velje den skulen dei sjølv vil gå på. Og vi må gjere naudsynte grep i dag som gjer at barn og unge kan meistre på sitt nivå allereie i barnehagen.

Fleire og fleire gutar får spesialundervising i barnehagen, og tala aukar for kvart år fram til dei skal byrje på skulen. Vestland treng fleire dyktige pedagogar i barnehagane som kan prioritere å fylgje opp dei som vi allereie då veit vil møte utfordringar på skulen.

Regjeringa har gjort naudsynte løft for å styrke norsk skule, også dei yrkesfaglege utdanningane. Likevel veit vi at vi vil mangle mange hundre helsefagarbeidarar i åra som kjem, og at vi er avhengige av at fleire vel seg til yrkesfaglege studieretningar på vidaregåande. Difor må vi prioritere å gjere yrkesfag meir attraktivt, og sørgje for at tilbod står til etterspørsel i næringslivet.

Fleksibel skulestart må bli innført som ei prøveordning og vi må stille krav til kunnskapsnivået i matematikk, norsk og engelsk når elevane byrjar på vidaregåande. Fleire skal fullføre vidaregåande, og skulane i Vestland skal få fleire lærarspesialistar med fordjuping i eit eller fleire valfrie fag. Berre på denne måten kan vi utvikle barneskulen, ungdomsskulen og den vidaregåande skulen til å bli på sitt beste.

Vestland Høgre vil:

  • Sikre fritt skuleval i heile fylket.
  • At fleire lærarar skal få høve til etter- og vidareutdanning.
  • Pålegge rektorar og skuleleiinga å informere sine tilsette om kva for mogelegheiter som er tilgjengeleg for etter- og vidareutdanning; både skriftleg og munnleg.
  • Innføre prøveordning med fleksibel skulestart, mellom anna i samarbeid med Dale Oen Experience.
  • Tilby innføringsfag for elevar med under tre i karaktersnitt i norsk, matematikk og engelsk for dei som skal byrje på vidaregåande skule.
  • Innføre oppfylgingsplikt i barne og ungdomsskulane for elevar med høgt fråvær. Elevar skal kunne bli henta heime i samarbeid med foreldra.
  • Utvide retten til vidaregåande opplæring, tilby alternative skuleløp og eit 11. skuleår for dei elevane som ikkje er klar for ordinær vidaregåande skulegang.
  • Gjennomføre eit prøveprosjekt der skuleåret er delt inn i terminar og gje elevane opplæring i færre fag i kvar termin.
  • Satse meir på yrkesfagleg opplæring, vurdere å gjere endringar i lærlingtilskotet og etablere fleire læreplassar der etterspurnaden frå næringslivet er størst.
  • Innføre fleire digitale løysingar i skulen for å redusere innkjøp av lærarverk i papirform samt auke den digitale kompetansen til elevane
  • Gje einskilde skuletrøytte ungdomsskulelevar eit tilbod om å prøve seg i arbeidslivet samstundes som dei går på skulen.
  • Revidere dagens lærarnorm til å gjelde på kommunenivå. Dette for å sikre meir fleksibilitet til å nytta lærarressursane der det er mest trong for dei.
  • Ha nivåtilpassa undervising i fleire fag i grunnskulen.
  • Satse meir på elev og ungdomsbedrifter i skulen i tett samarbeid med Ungt Entreprenørskap i Vestland.