Resolusjon om kvinnehelse viktig og etter 69 år

Vestland Høgres fylkesårsmøte vedtok følgende resolusjon:

Brystkreft er den kreftforma som råkar flest kvinner. I 2018 fekk 3.568 brystkreft i Norge, og risikoen aukar med alderen.

Det norske mammografiprogrammet si målsetting er å redusere kor mange som døyr av brystkreft blant dei kvinnene som blir invitert med. Norske helsestyresmakter tilrår mammografiscreening til kvinner i alderen 50-69 år kvart anna år. Denne aldersgruppa har vore den same sidan programmet starta opp i 1995.

WHO tilrår organisert screening frå 70-75 år berre ved streng kvalitetskontroll og forsking.

Vestland Høgre ber om at Helse- og omsorgsdepartementet utvidar programmet for organisert mammografiscreening i løpet av denne Stortingsbolken til og å femne kvinner i aldersgruppa 70-74 år, då det er stadfesta at kvinner og etter fylte 70 år blir råka av brystkreft. Utvidinga må følgje WHO sine tilrådingar om streng kvalitetskontroll og forsking.