Resolusjon Samferdsle

Vestland Høgre vedtok på sitt fylkesårsmøte, 8. og 9. februar, følgende resolusjon

Vestland har rett på trygge vegar og like god mobilitet og byutvikling som Norge elles. Rassikring er viktig for liv og helse, og må framleis bli prioritert. Mobilitet er nøkkelord for nærings- og samfunnsutvikling, Utbygginga av infrastrukturen på Vestlandet kjem heile nasjonen til gode.

Høgre vil satse på kollektivtransport for å betre mobilitet, klima og miljø – og vil utvikle betre og meir tilgjengeleg tilbod på kollektivtrafikk i heile fylket. Ungdomskort for kollektiv skal gjelde for heile Vestland. Det må gjelde både båt, ferje og buss.

Målsettingane i gjeldande Nasjonal Transportplan (NTP) er dei mest ambisiøse nokon gong. Det blir satsa meir på samferdsle enn nokosinne. Vi er godt i gang, men har framleis mykje å gjere.

Det er enorm trong for betre infrastruktur landet rundt, mange konkurrerer om avgrensa løyvingar, Vestland har mange og store behov som vi må få gjennomført, det er viktig å grunngje våre behov ut frå målsettinga om mest mogleg samfunnsnytte for kvar investerte krone. Det krev nytenking og smarte løysingar.

A.Gjer jobben ferdig

For det første må vi gjere ferdig det vi har starta. Både det som fysisk er i gang og det som ligg i NTP i dag må bli gjennomført og sluttført i kommande NTP. Det gjeld oppstarta prosjekt som Sotrasamabandet, E39 Os-Bergen Arnatunnelen og bybanen i Bergen. Vidare arbeid med planlagde prosjekter som til dømes E16/jernbane Bergen-Voss, Ringeriksbanen, E39 Vågsbotn – Klauvaneset/Ringveg Øst, E39 Hordfast, E39 Bogstunnelen–Gaular grense, E39 Langeland–Moskog, E39 Byrkjelo–Grodås, tunnelar og oppgradering på E134, rassikring, fiskerihamner og Stad skipstunnel.

Vestland Høgre vil peike på at ambisjonane om auke av rassikringsmidlane i neste del av NTP må bli følgd opp. Øyremerke regionale rassikringsmidlar.

B.Bind landet saman

Vi må halde fram med å binde landet saman. Fleire prosjekt langs Rv13 i form av rassikring og oppgradering, vil gje betre og større regularitet, trafikktryggleik, framkomme og betre konkurransekraft. Rv13 er det som kan binde Vestlandet saman på midten, og E39, til ein velfungerande transportregion, og kople saman dei store regionane for bu og arbeid på Vestlandet.

E16 K5 gir trygg og god – veg og bane, og er viktig for å gje trygg og god mobilitet. E134 er viktig for å kople Vestlandet til marknaden i Europa.

Oppgradering av RV7 vil kunne gje vintertryggleik og trygt grunnlag for næringslivet langs traseen.

Oppgradering av Bergensbanen med dobbeltspor mellom Voss og Bergen, og realisering av Ringeriksbanen, vil bidra til å auka mobilitet og fremme jernbanens stilling som klimavenleg alternativ.

Hordalandsdiagonalen vil kunne binde saman indre og ytre delar av Hordaland, og gje ein effektiv kopling mellom Bergensregionen og E134, og gi en rask og sikker veg mellom Vestlandet og sør-austlege delar av Norge. KVU for Hordalandsdiagonalen i første planperiode av NTP.

  1. Fiks fylkesvegane

Det har vore ein betydeleg vekst i statlege løyvingar sidan 2013. Like fullt treng fylkesvegane eit lyft. Berre i Vestland er etterslepet på oppgradering og vedlikehald berekna til 12 mrd. Fylkesvegane er fleire, lengre, smalare og dårlegare enn riksvegane, men står for ein uunnverleg del av infrastrukturen for å bringe fram folk og varer i regionane.

I neste NTP må fylkesvegane ble gjeve eit lyft, for å sikre mobilitet, framkomme og trygg ferdsle, og å sikre at effekta av store investeringar i riksvegnettet ikkje blir borte fordi trafikken ikkje kjem godt og trygt fram til riksvegen.

Kysten i Vestland må bli bygd saman med betre og tryggare vegar for å sikre vekst og verdiskaping.

  1. Bruk ny teknologi

Nye digitale og autonome løysingar gjev store moglegheiter for auka trafikktryggleik, auka framkomme, lågare utslepp, betre informasjon og betre utnytting av eksisterande og ny infrastruktur. Potensialet i nye moglegheiter innan trafikkstyrings- og informasjonssystem, autonome køyretøy, automatiserande og autonomiserande system må bli utnytta innan trygge etiske og personvernmessige rammar.

  1. Ferjeavløysingsmidlar

Regelverket for ferjeavløysingsmidlane må ble gjeve ei utforming som sikrar at dei reelt kan bli nytta til å realisere gode prosjekt. Bompengar må kunne bli nytta til å dekke finanskostnadar. Det bør og bli opna for at prosjekt som kjem i staden for delar av ferjestrekningar, og dermed reduserer utgifter, kan nytte dette som grunnlag for å finansiere delar av prosjekta.

  1. Ferjepriser og ferjetilbod

Ferjene er ein sentral del av vegnettet i Vestland. Ein god ferjepolitikk er avgjerande for styrka verdiskaping og auka mobilitet i store delar av vestlandsregionen. Frå 1. januar 2020 har mange samfunn i Vestland opplevd at samferdslestilbodet er svekka, og kostnadane for næringslivet og pendlarane har auka vesentleg. Dette fører til store negative konsekvensar for samfunnsutviklinga i Vestland fylke. Konkurransekrafta til næringslivet blir svekka, mobiliteten blir redusert, og reisande opplev ei stor auke i reiseutgiftene. Det må bli ført ein ferjepolitikk som legg til rette for auka verdiskaping og betre mobilitet. Kostnadar for teknologiutvikling og lågare utslepp er samfunnsinvesteringar som ikkje skal bli finansiert gjennom ferjebilletten, men i samarbeid mellom staten og fylka.

VestlandHøgre vil:

  • Arbeide for eit større statleg ansvar for auka driftskostnadar som følgje av utsleppsreduserande teknologiutvikling på ferjene.
  • Reversere Autopass-ordninga, og sørgje for at kostnadane for reisande blir redusert.

  1. Gje høve til kommunalt ansvar for kollektivtrafikken

Vestland Høgre meiner at Bergen og omegnskommunane bør få høve, som et prøveprosjekt, å få overta og styre sin eigen kollektivtransport. For lokalsamfunna her vil dette gje større fleksibilitet og betre kollektivtilbod i både bygd og by.