Slik kan Vestland bli ein slagkraftig region

Fire område må få eit spesielt fokus i tida som kjem.

Fylkestingsvalet denne hausten handlar om mykje meir enn kven som skal få bere fylkesordførarkjeda dei neste fire åra. Valet handlar om kven som er villig til å gripe mogelegheitene det nye fylket gjev oss. Valet handlar og om korleis vi kan leggje til rette for innbyggjarane våre på best mogeleg måte. Ikkje minst handlar det om kven som klarer å byggje ein region som kan konkurrere med hovudstadsområdet.

Sogn og Fjordane og Hordaland har mykje å lære av kvarandre, og vi skal klare å hente ut det beste av kvart fylke for å skape ein slagkraftig ny region. Vestland skal vere eit ja-fylke.

For å nå denne målsetjinga er det fire ting Vestland Høgre vil leggje ekstra vekt på:

1. Meir samarbeid mellom næringsliv og kommune

Dei siste åra har Sogn og Fjordane vore flinkare til å samarbeide med næringslivet enn Hordaland. Vestland blir eit næringsfylke med høg verdiskaping og spennande arbeidsplassar frå nord til sør. Då må Vestland fylkeskommune bli ein god samarbeidspartnar for næringslivet. Det skal vere ein høg terskel for å setje kommunane sine planar til sides. Kommunane er nøydde til å få meir fridom til å råde over sine areal og ressursar, utan at fylkeskommunen skal vere bremsekloss.

Vi må også kjempe for å avgrense diverse organ, som fylkesmannen, statlege direktorat eller fylkeskommunen, sine mogelegheiter til å overstyre demokratiske avgjerder teke i kommunane. Først då sikrar vi eit reelt lokalt sjølvstyre.

2. Opne skulegrenser i storfylket

Høgre kjem alltid til å vere garantisten for fritt skuleval, og på tvers av dei gamle fylkesgrensene. Fritt skuleval er det mest rettvise systemet for alle elevar i Vestland. Når to fylke blir til eitt, må vi og opne opp for at elevar som ønskjer å søke seg til andre delar av det nye storfylket, og ikkje la gamle grenser leggje hindringar for elevane.

Gjennom å sørgje for god etter- og vidareutdanning av lærarane gjer vi læringa i klasserommet endå betre. Dette har Regjeringa gjort mykje med, og vi går til val på å føre dette arbeidet vidare regionalt. Høgre vil sørgje for at dei vidaregåande skulane blir endå betre til å samarbeide med næringslivet slik at vi utdannar elevane våre med den kompetansen som dei kan dra nytte av i arbeidslivet

3. Offensiv satsing på vegar og rassikring

I Vestland skal vi kome raskare fram og tryggare heim. Vestland kjem til å ha heile 5600 kilometer med fylkesvegar. Det er nesten like langt som å køyre frå Bergen til Paris og heim att. Ved å jobbe med vegane i fylket vårt har vi høve til å leggje godt til rette for at innbyggjarane kan reise som dei vil og at næringslivet kan vekse. Men vi må faktisk erkjenne at vi har eit vedlikehaldsetterslep på rundt 11 milliardar kroner.

Hordaland Høgre har gjennom dei siste fire åra alltid løyvd mest til vedlikehald til fylkesvegane i våre alternative budsjett og det skal vi halde fram med om Vestland Høgre vinn makta. Det er heller ikkje til å stikke under ein stol at Vestland kjem til å ha flest vegar som er utsette for ras i heile landet. Det betyr for oss at vi må vere offensive og overfor regjeringa i landet for å sikre at rassikring i Vestland blir høgt prioritert.

4. Knyte Vestland saman gjennom kollektivtilbod

Vestland på sitt beste har eit godt kollektivtilbod. Fleire avgangar er viktig for å knyte Vestland saman. Det at bussen, bana eller båten faktisk går er viktig for alle oss som bur her, men og for at fleire vel kollektivt framføre bilen der det er mogeleg. Vi må og sjå på nye løysingar som kan gjere det mogeleg å gje særleg distrikta eit betre tilbod som er tilgjengeleg når ein treng det. Ferjene er viktig for Vestland og vi kan ikkje gløyme at dette i praksis og er del av vegen til folk som er avhengig av dette kollektivtilbodet.

Vi vil derfor arbeide for at ferjetakstane skal vere så låge som mogeleg, slik at belastninga for pendlarane og næringslivet ikkje skal bli for stor, og i tillegg arbeide for flest mogeleg avgangar. Vi kan heller ikkje gløyme hurtigbåtane, dei utgjer ein viktig del av kollektivtilbodet og gjer det mogeleg å kome seg raskt fram og tilbake mellom ulike delar av det nye fylket vårt. Klarar vi å tilby eit godt kollektivtilbod, sørgjer vi for at det er mogeleg å bu der du ønskjer, men jobbe eit stykke unna. Då knyter vi Vestland saman.

Vi gleder oss til å diskutere korleis Høgre sine løysingar kan vere med på å skape framtidas Vestland. Mogelegheitene er uendelege, og vi trur vi kan bidra til å skape eit Vestland som er så bra at til og med Rogaland angrar på at de ikkje vart med på reisa. Vi trur på Vestland!

Silja Ekeland Bjørkly, fylkesordførerkandidat for Vestland Høgre
Noralv Distad, 2. kandidat for Vestland Høgre